Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kven er dei andre, eigentleg?

På tide å bli skikkeleg kjende med kvarandre! Bruk arbeidet med eit portrettintervju til å bli betre kjend med ein i klassen – og gjere klassen betre kjend med vedkommande.

Kven er eigentleg dei nye klassekompisane dine?

Arbeidet med eit portrettintervju gir deg eit godt utgangspunkt for å bli godt kjend med ein i klassen du ikkje kjende til frå før. Dessutan krev forarbeidet du skal gjere, at du må snakke med fleire elevar i klassen.

Sjangeren portrettintervju

I eit journalistisk portrettintervju er målet at lesaren skal bli betre kjend med ein person. Ulike sider ved intervjuobjektet skal komme fram, og journalisten prøver ofte å avdekke bestemte personlegdomtrekk og ukjende sider ved å gi att hendingar og situasjonar personen fortel om. Det er òg vanleg å beskrive kroppsspråket og miljøet personen er i under intervjuet.

Du skal no innta rolla som journalist og intervjuar, og gjere ein grundig jobb i førebuingane av intervjusituasjonen og gjennomføring av intervjuet. Til slutt skal du setje saman intervjuet.

Kva skal du gjere?

Arbeidet skal gå føre seg i denne rekkefølga:

Forarbeid

  • Kva veit du om personen frå før? Kva lurer du på?

Research

  • Gjer research i klassen.
  • Gjer research på internett.

Førebuing til intervjuet

  • Lag gode spørsmål.
  • Førebu opptak.

Gjennomføring av intervjuet

  • Sjølve intervjuet

Vel ut og set saman

  • Vel ut.
  • Set saman intervjuet.

Ferdigstilling

  • Intervjuobjektet godkjenner bruk av sitat.
  • Kvalitetssikring

Del med klassen

Skriv ut intervjuet slik at klassen kan lese det, eller la læraren legge intervjuet ut på læringsplattforma de bruker.

Startoppgåve: Finn intervjuobjektet ditt

Du får tre minutt til å løyse oppgåva på eiga hand.

Set deg ved sida av ein i klassen du aldri har snakka med tidlegare. Viss du har snakka med alle i klassen, set deg ved sida av den du synest du kjenner minst.

Du skal lage eit portrettintervju av den du sit ved sida av.

Skrive av Åsa Abusland og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 05.11.2025