Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Samanlikning av Supernytt og Dagsrevyen

Bli kjend med korleis journalistar jobbar inn mot ulike målgrupper gjennom å undersøke to ulike nyheitsprogram på NRK.

1. Samanlikning

Gå til Supernytt og Dagsrevyen og undersøk programma.

  • Kven er målgruppa for sendingane?
  • Kor lange er sendingane?
  • Korleis blir sakene introduserte i dei ulike sendingane?
  • Sei noko om verkemidla som blir brukte i dei ulike sendingane. Her kan du studere til dømes bruk av effektar, grafikk, lyd og musikk i innhaldet som blir presentert.

2. Gå i djupna på Supernytt

  • Kva er temaa for sakene på Supernytt?
  • Kva intervjuobjekt finn du i sakene?
  • Trur du Supernytt treffer målgruppa si med denne sendinga?

3. Gå i djupna på Dagsrevyen

  • Kva er temaa for sakene på Dagsrevyen?
  • Kva intervjuobjekt finn du i sakene?
  • Trur du Dagsrevyen treffer målgruppa si?
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist oppdatert 18.10.2019