Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Representasjon av samisk ungdom

Kvifor er det viktig at alle blir representerte i media? Vi ser nærmare på befolkningsgruppa samisk ungdom. Øv deg på å skrive fagleg om representasjon av samar i media. Førebu deg gjennom å sjå tre korte filmar om NRK Sapmí si ungdomssatsing og ved å diskutere temaet.

1. Kva er representasjon?

Ein føresetnad for eit velfungerande demokrati er at alle grupper i samfunnet blir sett og høyrde. Ungdommar er til dømes mindre synlege i media enn andre aldersgrupper.

Minoritetsgrupper har færre eigne kanalar og færre kjelder som uttaler seg i media, enn majoritetsgrupper i befolkninga.

Jobb i par eller små grupper:

  1. Finn totre ulike kjelder som beskriv kva representasjon er. Noter først, og forklar med eigne ord kva omgrepet betyr.

  2. Diskuter og skriv notat:

    • Kven er mykje representert i medieinnhald? Kven er mest representert i innhaldsstraumen (feeden) din i sosiale medium?

    • Kvifor er det viktig at alle i samfunnet blir representerte i media? Kva medieinnhald i kva kanalar har breiast representasjon av den norske befolkninga?

2. Samar i media

Hald fram diskusjonen i grupper og skriv notat.

  • Når høyrde du sist samisk i media? Kjenner du namnet på nokon samiske artistar?

  • Korleis vart det samiske representert?

  • Kor mykje av det de veit om samiske ungdommar, kjem frå media?

  • Korleis synest du media framstiller det samiske?

3. Sjå filmane

  • Kva blir sagt i filmane om NRK Sápmi?

  • Kva blir sagt om samisk språk og satsing på ungdom?

  • Kva seier dei samiske programleiarane om sitt eige arbeid?

A. Film: NRK Sápmi

Filmen under (lengde 1:29) presenterer NRK Sápmi.

Video: Øystein Johannessen / CC BY-ND 4.0

B. Film: Ungdomssatsing

Filmen under (lengde 3:25) handlar om NRK Sápmis satsing på barne- og ungdomsprogram med samisk språk.

Video: Øystein Johannessen / CC BY-ND 4.0

C. Film: Valvi

I filmen under (lengde 3:38) møter du programleiarane i ungdomsprogrammet Valvi.

Video: Øystein Johannessen / CC BY-ND 4.0

4. Skriv fagleg med femavsnittsmetoden

Skriv ein femavsnittstekst om representasjon, NRK Sápmi og ungdom. Bruk òg NRK TV og NRK Radio til å orientere deg om kva innhald NRK Sápmi lagar.

Hugs å føre kjeldene du bruker, òg om du bruker andre kjelder enn berre filmane.

Kjeldeføring av informasjon frå filmane set du opp slik:

NDLA. (2026, 5. mars). Valvi [Video]. NDLA. https://ndla.no/r/mediesamfunnet-1/representasjon-av-samisk-ungdom/28a05039d6

(Skriv inn den aktuelle filmtittelen om du refererer til ein av dei to andre filmane.)

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 01.09.2026