Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Vurder ein pressekonferanse

Sjå gjennom ein pressekonferanse, svar på spørsmåla og skriv ei pressemelding.

A) Finn ein pressekonferanse og svar på spørsmåla

Søk etter pressekonferanser+video på Google

  1. Vel deg ein pressekonferanse.
  2. Kva er tema for pressekonferansen?
  3. Kvifor trur du saka er lagt fram på ein pressekonferanse og ikkje i ei pressemelding?
  4. Med kva vinkling er saka lagt fram?
  5. Kva spørsmål blir stilt av journalistane som er til stades?
  6. Finst det spørsmål som ikkje blir svara på?
  7. Kva er i så fall argumenta for ikkje å svare?
  8. Om du var journalist på pressekonferansen, kva spørsmål ville du ønskje svar på

B) Skriv

Skriv ei pressemelding frå pressekonferansen.

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist oppdatert 07.03.2017