Presenter ei sentral hending i mediehistoria - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Presenter ei sentral hending i mediehistoria

Lag ein presentasjon der du tek for deg ei hending eller ei oppfinning i mediehistoria. Korleis har denne hendinga eller oppfinninga bidratt til å endre samfunnet?

Korleis endrar oppfinningar og hendingar i mediehistoria samfunnet?

Lag ein digital presentasjon der du tek for deg ei oppfinning eller ei hending i mediehistoria.

Set deg inn i historia for mediet som er relevant for valet ditt:

  • avis
  • fotografi
  • film
  • internett

Gangen i arbeidet

  1. Start med å gjere grundig research. Finn og set deg inn i ulike kjelder.
  2. I presentasjonen skal du gå inn på

    • viktige kjenneteikn ved mediet
    • viktige hendingar og teknologisk utvikling innanfor mediet – korleis har mediet utvikla seg fram til i dag?
    • korleis dette mediet har endra samfunnet opp gjennom tidene, og korleis mediet verkar inn på samfunnet vårt i dag
    • konkrete eksempel
  3. Bruk fagartiklar frå ndla.no som utgangspunkt, men òg andre, sikre nettkjelder.

Krav

  • Presentasjonen skal vare i fem minutt.
  • Foredraget skal støttast av illustrerande verkemiddel. Illustrerande verkemiddel er bilete, illustrasjonar, video og lyd.
  • Målgruppa er medelevane dine. Tilpass innhaldet til målgruppa, og bygg opp presentasjonen på ein måte som gjer at du når fram med bodskapen din. Skap interesse!
  • Lag presentasjonen ved hjelp av eit digitalt presentasjonsverktøy.

Elevmedvurdering

De presenterer individuelt i grupper på fire elevar. Kvar gruppe består av elevar med fire ulike tema. Læraren observerer presentasjonane. I gruppa skal kvar enkelt elev gi tilbakemeldingar og vurdere kvarandre etter kvar presentasjon.

Bruk vurderingsskjemaet under som utgangspunkt.




Høg måloppnåing

Middels måloppnåing

Låg måloppnåing

Kunnskap og refleksjon

Eleven viser særs god oversikt over temaet.

Eleven bruker illustrerande verkemiddel
på ein relevant, sjølvstendig og reflektert måte.

Eleven viser til ulike sider ved temaet på ein reflektert måte.

Eleven viser kjennskap til det sentrale i temaet.

Eleven bruker illustrerande verkemiddel på ein relevant måte.

Eleven kan vise til ulike sider av temaet.

Eleven viser kunnskap om temaet.

Eleven bruker illustrerande verkemiddel.

Eleven bør i større grad vise til ulike sider ved temaet.

Framstilling

Eleven har ei særs formålstenleg og godt strukturert framstilling som er tilpassa vurderings-
situasjonen.

Eleven har særs god presentasjons-
teknikk som er tilpassa målgruppa.

Eleven har ei oversiktleg framstilling som er tilpassa vurderings-
situasjonen.

Eleven har god presentasjons-
teknikk.

Eleven har innleiing, hovuddel og avslutning som er tilpassa vurderings-
situasjonen.

Eleven bør jobbe meir med presentasjons-
teknikk.

Kjeldebruk


Eleven har ein relevant, sjølvstendig og kritisk bruk av kjelder som er tilpassa temaet og vurderings-situasjonen.


Eleven har ein relevant bruk av kjelder som er tilpassa temaet og vurderings-
situasjonen.


Presentasjonen byggjer på nokre kjelder.

Relatert innhald

Fagstoff
Tre tips til presentasjonar

Tre tips til ein god presentasjon: Kven presenterer du til? Lag ein visuell presentasjon med få ord. Sist, men ikkje minst: Øv!

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2020