Planlegg ein reklamefilm for energidrikk - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Planlegg ein reklamefilm for energidrikk

Sjå innslag om energidrikk frå TV-programmet Forbrukerinspektørene og lag ein reklamefilm for ein energidrikk. Hugs å ta omsyn til gjeldande lover for marknadsføring.

Oppdrag

  • Gå saman i grupper og lag eit storyboard til ein reklamefilm for ein energidrikk. Filmen skal vare i 20 sek.
  • Vel målgruppe og kanal for publisering.
  • Set opp ei punktliste for kva de må ta omsyn til når det gjeld lover og regelverk for marknadsføring.

I NRKs forbrukarprogram Forbrukerinspektørene får de noko bakgrunnsstoff.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2020