Norsk mediehistorie - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Norsk mediehistorie

Introduksjon

I denne læringsstien får du ei enkel innføring i historia til norske aviser, norsk radio og fjernsyn, norsk film og norske nettaviser. Du kan velje å fordjupe deg i eitt spesielt medium.

 

Læringsmål

Når du har jobba med læringsstien, skal du

  • kjenne til når dei første avisene i Noreg vart etablert, og forstå kva som er grunnen til at vi har så mange aviser i Noreg i dag
  • kjenne til viktige epokar i utviklinga av norsk radio og fjernsyn
  • kjenne til nokre norske spelefilmar frå ulike periodar
  • kunne beskrive korleis norske nettaviser har utvikla seg
  • kunne drøfte korleis medieuttrykk speglar av tida dei vart til i
  • kunne presentere glimt frå norsk mediehistorie på ei tidslinje og halde eit foredrag om emnet