Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Når enkeltpersonar har definisjonsmakt

Greta Thunberg har fått enorm merksemd for engasjementet sitt for klimasaka. Donald Trump på si side får stor merksemd både i redaktørstyrte medium og i sosiale medium. På kvar sin måte engasjerer og påverkar dei menneske over heile verda. Kvifor får enkeltpersonar definisjonsmakt?

Mål med oppgåvene

I arbeidet med oppgåvene

  • lærer du kva dagsorden og definisjonsmakt er

  • øver du deg på å finne saker som er på dagsordenen

  • forstår du kvifor enkelmenneske kan ha definisjonsmakt fordi dei set dagsordenen

Viktige omgrep

dagsorden
nyheitssaker som blir omtalte i media innanfor eit tidsrom
definisjonsmakt
å ha makt til å bestemme kva nyheitssaker som er viktige, og korleis mottakar skal oppfatte og tenke om ei sak, gjennom definisjonsmakt kan media påverke korleis folk oppfattar og tek stilling til ei sak

Oppgåve 1: Enkeltpersonar som set dagsordenen

I redaktørstyrte medium, som i sosiale medium, dukkar det opp enkelmenneske som får spesielt mykje merksemd. Donald Trump og Greta Thunberg er døme på enkelmenneske som har fanga den globale merksemda. Dei har fått sett saker dei er opptekne av, på dagsordenen. Dei har hatt definisjonsmakt for kva saker vi skal vere opptekne av.

Diskuter i grupper på to eller tre:

  1. Forklar til kvarandre med eigne ord kva dagsorden er. Kva medium set dagsordenen for dykk? Kva plukkar de opp i media som de snakkar om i løpet av dagen?

  2. Finn fram til seks personar som har sett dagsordenen gjennom media: to menneske lokalt, to nasjonalt og to globalt.

    Kva saker har desse seks personane vore opptekne av? Kva perspektiv fremmar dei i saka dei har sett på dagsordenen?

Oppgåve 2: Når enkeltpersonar har definisjonsmakt

  1. Forklar til kvarandre med eigne ord kva definisjonsmakt er.

  2. Finn ut korleis Greta Thunberg først fekk merksemd. Kva saker fekk ho merksemd for?

  3. Finn ut for kva saker Donald Trump sist fekk merksemd. Kva saker har han sett på dagsordenen?

  4. Kvifor ligg det makt i å få gjennomslag for versjonen sin av verkelegheita?

  5. Diskuter kven som har makt til å skape bilete av verkelegheita og påverke meiningane dykkar.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Inga Berntsen Rudi.
Sist oppdatert 20.02.2020