Medievanar og bruk av sosiale medium - Utan filter eller perfekt fasade? - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Medievanar og bruk av sosiale medium

Arbeidsoppdrag

Utan filter eller perfekt fasade?

Korleis presenterer ungdom seg på sosiale medium? Mange har behov for å vise fram ein perfekt fasade, mens andre går for nære og personlege statusoppdateringar. I denne oppgåva skal du undersøkje dette nærare, du skal lage eit videointervju.

Intervju: utan filter eller perfekt fasade?

Lag eit videointervju med ein ung person om korleis han eller ho presenterer seg sjølv på sosiale medium. Er statusoppdateringane nære og private, eller er det viktig å vise fram ein perfekt fasade?

1. Førebu intervjuspørsmål

Eksempel på spørsmål du kan stille er:

  • Korleis presenterer du seg sjølv på sosiale medium?
  • Kva og kor mykje deler du på sosiale medium?
  • På kva måte vekslar du mellom ulike roller på sosiale medium? Vis til konkrete eksempel.

Formuler fleire opne spørsmål til intervjuobjektet ditt, du bør ha minst seks opne spørsmål klare før du startar intervjuet. Hugs: Gode spørsmål gir interessante svar!

2. Gjennomfør videointervjuet

Du kan filme intervjuet med mobiltelefon eller videokamera, bruk mikrofon om du har tilgang på det. Vær medviten på utsnitt og lyd- og lysforhold. Still spørsmål, og lytt aktivt til svara du får, still oppfølgingsspørsmål dersom det er nødvendig.

3. Etterarbeid og publisering

Til slutt redigerer du intervjuet. Avtal innlevering av arbeidet og eventuelt publisering med læraren din.

Relatert innhald

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Medievanar og bruk av sosiale medium

Gå til faget: Mediesamfunnet 1

Gå til emne: Mediebruk og mediedeltaking