Medievanar og bruk av sosiale medium - Sosiale medium som scene - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Medievanar og bruk av sosiale medium

Fagartikkel

Sosiale medium som scene

Er du medviten om korleis du presenterer du deg sjølv på sosiale plattformer? Gjennom sosiale medium isceneset vi oss sjølve på ulike måtar, og vi vekslar gjerne mellom ulike roller.
Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

I det verkelege livet er det eit spekter av inntrykk som definerer kven du er. På sosiale medium eksisterer du i tråd med det du legg ut av bilete og innlegg. For å vere synleg på sosiale plattformer må du fylle på med stadige statusoppdateringar. Det kan nokre gonger vere utfordrande å balansere det personlege og det private.

Kva skal du dele, og korleis skal du presentere deg sjølv? På sosiale medium kan både bestemor og kjærasten vere venene dine.

Iscenesetjing på sosiale medium

Gjennom sosiale medium isceneset vi oss sjølve på ulike måtar. Sosiologen Erving Goffman er kjend for rolleteorien sin der han bruker omgrep frå teaterverda for å vise korleis vi isceneset våre eigne liv.

Tenk deg at livet er eit teater, og i dette teateret opptrer vi i ulike roller, som Goffman kallar frontstage og backstage. Den rolla du har i klasserommet, er frontstage. Her utfører du rolla di slik som det blir forventa av deg som elev og klassekamerat. Backstage er der du er deg sjølv, til dømes heime saman med familien og nære vener.

I dag gjer sosiale medium det mogleg å ta ei mellomrolle, ei halvprivat framferd. Måten vi presenterer oss sjølve på på sosiale medium, er ein prosess prega av ei slags veksling mellom dei ulike rollene, frontstage og backstage. Du kan framstille det private livet ditt (backstage) for alle der ute, samtidig som du tek på deg ei rolle som er tilpassa alle som ser det du legg ut (frontstage).

Private og offentlege profilar

I dag har mange ungdommar både lukka og opne profilar på sosiale medium. Her kan ein ta på seg ulike roller i dei ulike profilane. På Instagram blir gjerne opne, offentlege profilar brukte som eit utstillingsvindauge.

Fasade og behovet for å bli sett er viktig. Instagram-brukarane tek her på seg ei rolle som er tilpassa følgjarane (frontstage). Med nøye utvalde og redigerte bilete er målet ofte å få flest mogleg likes.

På dei lukka, private profilane blir det gjerne lagt ut andre typar bilete, som berre dei næraste har tilgang til. Privatliv (backstage) blir presentert for utvalde, nære vener.

Tenk over

Korleis presenterer du deg for andre på sosiale medium?

Skrive av Marte Lindstad Næss, Jan-Arve Overland og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020