Lag og del ein NDLA-praterobot
Opprett ein eigendefinert praterobot
Dei fleste praterobotar kan gjere det meste du ber dei om. Ber du ein praterobot forklare deg fagomgrep, gjer han det. Ulempa er at han kan gi ganske lange, vanskelege svar.
Det kan vere lurt å lage din eigen spesialtilpassa robot. Det er ikkje så vanskeleg som det kanskje høyrest ut. Vi tek deg gjennom trinna.
Slik gjer du det
NDLA Praterobot ivaretek datasikkerheita til elevane og er godkjend for bruk i skulen. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA. Du kan òg logge deg rett inn her: NDLA Praterobot.
Vel "Mine prateroboter".
Vel "Ny".
Gi roboten ein tittel, til dømes "Omgrepsforklarar".
Skriv inn ein systeminstruks (sjå tips og forslag lenger ned på sida).
Skriv inn eit innleiande spørsmål som roboten skal stille til brukaren.
Vel temperatur og modell.
Vel om du ønsker talespråk eller ikkje.
Opprett roboten.
Når roboten er oppretta, kan du sjå oppsettet, endre og dele med andre.
Korleis er oppsettet for ein praterobot i NDLA?
La oss seie at du skal lage ein praterobot som hjelper deg med å forstå vanskelege omgrep. Du treng å sjå døme på korleis eit omgrep blir brukt, for å forstå det betre. Du formulerer derfor ein systeminstruks for ein praterobot som gjer nettopp det. Her er éin måte å gjere det på:
Tittel på prateroboten: Omgrepsforklarar
Systeminstruks: Eg vil at du skal lage døme på korleis omgrep eg ikkje forstår, blir brukte. Du er ein dømegenerator. Eg er ein elev. Når eg ikkje forstår nye og komplekse omgrep, hjelper du meg med å forstå omgrepa betre ved å lage mange og varierte døme. Eg vil at du skal spørje kva omgrep eg ønsker døme på, og kva fag og klassetrinn det gjeld. Du skal då gi meg fire ulike varierte og presise døme på korleis omgrepet blir brukt. Skriv på ein enkel og lettfatteleg måte.
Innleiande spørsmål: Kva omgrep lurer du på?
Temperatur: Jo høgare temperatur, jo meir kreativ blir roboten. Ofte ønsker vi at roboten svarer så nøkternt som mogleg. Då er det lurt å stille temperaturen så lågt som mogleg.
Meir om systeminstruksar
Du er kanskje vand til å stille spørsmål til praterobotar? Det kan vere spørsmål eller instruksar som "Kan du foreslå argument?" eller "Finn skrivefeil i denne teksten.". Slike kommandoar i ein samtale med praterobotar kallar vi instruksar, leietekstar eller "prompts".
Bruk rett omgrep
- instruks
- òg kalla leietekst eller "prompt", blir brukt i samtale med ein praterobot
- systeminstruks
- òg kalla systemleietekst eller systemprompt, blir brukt til å setje rammer for korleis ein praterobot skal oppføre seg når han svarer
Vi bruker systeminstruksar for å lage eigne praterobotar. Ein systeminstruks er den overordna instruksen. Han bestemmer korleis roboten din skal svare. Du kan lage ein robot som til dømes
svarer som om han er ein kjend person
er ekspert på å forbetre setningar
tek deg gjennom ein kreativ prosess
Mogelegheitene er uendelege.
Korleis bør ein systeminstruks sjå ut?
Det er viktig at du er ganske detaljert når du formulerer systeminstruksen. Jo meir konkret du er, jo betre svar vil prateroboten gi.
Gi prateroboten ei rolle, ein kontekst og ei målgruppe. Fortel detaljert kva han skal gjere, og korleis du vil at svaret skal sjå ut.
Test og juster systeminstruksen
Test ut og juster systeminstruksen til prateroboten om han ikkje fungerer slik du vil. Kanskje du vil ha døma lista opp i punkt eller sjå døme på korleis omgrepa blir brukt. Då må du justere systeminstruksen deretter.
Relatert innhald
Lag din eigen praterobot: Bestem deg for kva prateroboten skal gjere. Lag ein systeminstruks, test den ut og juster.
Samling med systeminstruksar som kan brukast som utgangspunkt for å lage eigne praterobotar.