Krise i nyheitsmedia - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Krise i nyheitsmedia

Den digitale utviklinga har fått store konsekvensar for mediebransjen og arbeidsmetodane til journalisten. Eit svekt inntektsgrunnlag har ført til nedbemanning og omstilling for mange nyheitsmedium.

Digitalisering og omstilling

Mediebransjen har gått gjennom ei omfattande omstilling dei siste åra. Den digitale utviklinga har fått store konsekvensar for media, og inntektsgrunnlaget har blitt sterkt svekt. Når avislesarane flyttar seg frå papir til digitale plattformer, blir dei økonomiske vilkåra endra. Media har òg mista reklameinntekter, for mange annonsørar har forlate dei tradisjonelle mediehusa. Nedgang i inntektsgrunnlaget har ført til at media har gått gjennom kraftige nedbemanningar.

Mediebransje under sterkt press

Mediekrisa har fått store konsekvensar. Redaksjonane har blitt tappa for ressursar, og mange journalistar har mista jobbane sine. Mediebransjen har vore avhengig av å finne nye forretningsmodellar som fungerer. Dei fleste nettavisene tek seg no betalt for innhald på nett, og avisene har innført ulike modellar for betalingsløysingar. Betaling frå brukarane har blitt ei viktigare finansieringskjelde for journalistikk.

Sjå på til dømes denne saka:

Bergens tidene: Gåta Jhonatan

Bergens Tidende tek seg betalt for innhald på nett. Er du villig til å betale for å lese denne saka?

Om korleis BT tek seg betalt for innhald på nettet

Lenka frå Bergens Tidende (BT) viser til ei abonnementsak og er normalt ikkje open. Vi har fått spesiell tilgang til saka for denne ressursen.

Saka er no på såkalla meter – det vil seie at lesarar som ikkje er abonnentar, får lov til å lese nokre få saker kvar veke.

Omtrent halvparten av artiklane til Bergens Tidende er opne berre for abonnentar.

Medieutviklinga påverkar journalistikken

Arbeidsmetodane til media har alltid blitt påverka av teknologien og medieutviklinga. Journalistar i dagens mediebransje må meistre ny teknologi og ulike digitale verktøy. Dei fleste journalistar i dag er fleirmediale, det vil seie at dei lagar innhald som skal leggast ut på fleire plattformer.

Ei nyheitssak skal publiserast på tradisjonelle kanalar som tv og radio, og samtidig skal journalisten lage ei sak til mediehuset sine nettsider og sosiale mediekanalar. Det betyr at dagens journalistar må kunne ulike verkemiddel og framgangsmåtar i arbeidet sitt.

Journalistikk på sosiale plattformer

Digitaliseringa av media har auka og endra mediebruken vår. For dagens nyheitsmedium er det viktig å vere til stades på sosiale plattformer for å nå ut til mange. Sosiale medium har blitt sentrale kjelder til nyheiter og er no ei av dei aller viktigaste nyheitskjeldene for ungdom.

Mange følger mediehus som til dømes NRK, TV 2 og Dagbladet på sosiale plattformer. Her kan mediehusa vere i direkte kontakt med publikum og få respons med ein gong på innhaldet. På sosiale plattformer ser vi at journalistar kan publisere saker som har relativt låg nyheitsverdi, men som skaper engasjement og får mange delingar.

Mange norske medium har teke i bruk Snapchat som kanal for å treffe yngre målgrupper med journalistisk innhald.

Nyheiter på Snapchat?

Ta bilete av denne koden med Snapchat, og kom rett inn på VGs utgåve i dag:

  • Kva nyheiter i dagens utgåve interesserer deg?
  • Kvifor treffer nyheiter på Snapchat unge menneske, trur du?

Samfunnsoppdraget til media står fast

Sjølv om mediebransjen og journalistrolla er i stadig endring, er det nokre særtrekk som står fast. Objektivitet, kjeldekritikk og etikk er like viktig no som før.

Samfunnsoppdraget til media har heller ikkje endra seg, og nyheitsmedia har framleis ei sentral samfunnsrolle. Pressa har framleis som oppgåve å formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta medvitne val. Media skal halde fram med å tale saka til enkeltmennesket mot autoritetane og avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos styresmaktene.

Svikt i inntektsgrunnlaget til media kan likevel resultere i mindre breidde i nyheitsdekninga. Ressurskrevjande, undersøkande journalistikk kan bli nedprioritert. På lang sikt kan dette rokke ved samfunnsoppdraget til media.

Å lykkast i ein bransje i endring

Mange av yrka i mediebransjen i framtida eksisterer ikkje i dag. Teknologien er i stadig endring, og det vil endre medievanane våre. For mediebransjen er det viktig å skape fleire inntektsstraumar – annonsørar må trekkast til dei redaksjonelle digitale flatene.

Konkurransen er hard i ei stadig endra medieverd, og media legg derfor inn mange ressursar på produktutvikling og innovasjon. Nye konsept blir stadig utvikla. Til dømes kan automatisering og kunstig intelligens påverke mediebransjen i åra som kjem. Robotjournalistar blir allereie mykje brukte, til dømes til å automatisere den meir rutinebaserte journalistikken, som kampreferat og vêrmeldingar.

Tenk over

  • Korleis trur du kunstig intelligens vil påverke journalistikken i framtida?

  • Vil det gjere endå fleire journalistar arbeidsledige?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Journalistikk på Snapchat

Mange norske medium har teke i bruk Snapchat som kanal for å treffe yngre målgrupper med journalistisk innhald. Er dette ei sunn utvikling?


Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2020