Jobb med filmen Kan noen fortelle meg at alt blir bra

1. Sjå filmen
Sjå kortfilmen Kan noen fortelle meg at alt blir bra på bibliotektenesta Filmbib.
Filmen varer i 13 minutt.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg bibliotekkort på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Manuset til kortfilmen Kan noen fortelle meg at alt blir bra er basert på autentiske samtalar frå Noregs største chatteforum, Kvinneguiden.no.
2. Bør vi seie alt vi tenker og føler?
Jobb saman i små grupper eller to og to med desse spørsmåla.
I kortfilmen Kan noen fortelle meg at alt blir bra er vi vitne til at menneske seier det dei faktisk tenker på, i ansikt-til-ansikt-kommunikasjon, på ein brutalt ærleg måte. Gi att nokre av dei utsegnene hovudkarakterane i filmen kjem med.
Kvifor er det nærast tabu å gi uttrykk for slike tankar og meiningar i vanlege samtalar?
Korleis reagerer tilhøyrarane på det som blir sagt?
Er det vanleg at menneske på eit bibliotek eller i ein svømmehall kommuniserer på denne måten? I tilfelle nei, kvifor ikkje?
Ytringane i filmen er henta frå chatteforumet Kvinneguiden.no. Kvifor trur de nokre vel å uttrykke seg på denne måten i eit chatteforum? Kvifor er det uvanleg å ytre seg på denne måten i ein vanleg samtale ansikt til ansikt?
Ærlegdom er ein dyd. Kvifor kan det vere bra å setje ord på vanskelege tankar og kjensler? Bør vi alltid seie det vi faktisk tenker og meiner?
3. Studer ytringar i eit chatteforum
Dei fleste nettaviser gir lesarane høve til å komme med eigne ytringar, anten i nettavisa sitt eige chatteforum eller ved å dele oppslag frå nettavisa i sosiale medium.
Nettartiklar som ofte fører til sterke utsegner i nettdebattar, handlar ofte om tema som feminisme, pride, politiske parti, muslimar eller Israel–Palestina-konflikten. Vel ein slik nettartikkel, og studer ytringane du finn i debatt-tråden under artikkelen.
Kor mange av ytringane er saklege kommentarar til det som kjem til uttrykk i nettartikkelen?
Kor mange ytringar er usaklege eller tyder på at den som set fram ytringa, ikkje har lese nettartikkelen?
Kor mange ytringar handlar om intelligensen til motdebattanten, moral, utsjånad, kjønn eller rase?
Kor mange kommentarar er rein trolling som berre har til hensikt å provosere, forstyrre og avspore debatten?
Kor mange av ytringane trur du avsendaren ville ha sett fram i ein debatt ansikt til ansikt?
4. Ytringsfridom og ytringsansvar
Les fagartikkelen "Ytringsansvar som juridisk og moralsk forplikting".
Forklar omgrepa ytringsfridom og juridisk og moralsk ytringsansvar.
Kvifor er ytringsfridom ein grunnleggande rett for alle menneske i eit demokrati?
Støytande ytringar er ytringar som gjer at personar kjenner seg krenkte, anten som individ eller som medlemmer av ei gruppe, eller ytringar som blir opplevd som upassande eller umoralske. Er nokre av dei ytringane som blir uttalte av karakterane i kortfilmen, for intime, støytande eller upassande?
Bør kommunikasjon på nettet ha andre reglar enn dei som gjeld ansikt til ansikt?
Kva ansvar har du når du deler eller liker noko som andre har ytra på nett?
5. Korleis kan du bidra til ein god dialog?
Nobels Fredssenter har laga ein interaktiv film som viser ein dialog mellom mor og dotter. I denne filmen kan du sjølv styre måten mor kommuniserer på. Test kor god du er til å skape ein god dialog, og sjå filmen Hva du sier, har mye å si på nettsidene til Nobels Fredssenter.
Når du har gjennomført dialogøvinga, får du ei skriftleg oppsummering som seier noko om dialogferdigheitene dine. Kva er du god på? Kva kan du bli betre på?
Gå saman to og to. Ta opp eit tema som de er ueinige om. Bruk teknikken de har lært, til å finne ut kva den andre faktisk tenker og meiner.
Relatert innhald
Kva skjer når vi legg kommentarar frå nettet på scenar i det verkelege livet? Ein utforskande kortfilm om spørsmål menneske har om alt mogleg i tilværet.
Grunnlova gir alle norske borgarar rett til å ytre seg fritt. Samtidig har vi eit ansvar for at ytringane våre ikkje skader eller krenkjer andre.