Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald
Film

Korleis få til ein god diskusjon?

Programleiar Ingunn Solheim har tankar om korleis vi kan få betre debattar. Kva vil det seie å verkeleg lytte til andre? Korleis kan situasjonen påverke diskusjonen?

Del 1: Før du ser filmen

  • Liker du å diskutere, eller skygger du helst unna? Grunngi svaret ditt.
  • Kva meiner du skal til for at ein diskusjon er god?
  • Kva vil det seie å lytte til kvarandre i ein diskusjon?
Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Del 2: Se filmen (lengde 4:42)

Kva meiner Ingunn Solheim skal til for å få gode debattar? Skriv dette ned som punkt. Er du samd med henne? Utdjup svaret ditt.

Del 3: Den retoriske situasjonen

"Den beste debatten er utanfor studio, på bakrommet", seier Ingunn Solheim om erfaringane sine med å lage debattprogram for NRK. Vi kan seie at den retoriske situasjonen påverkar korleis deltakarane argumenterer.

  • Les fagartikkelen "Den retoriske situasjonen".
  • Bruk fagomgrepa til å beskrive forskjellar og likskapar mellom studiodebatten og debatten på bakrommet. Ser du noko som kan forklare kvifor diskusjonen blei betre på bakrommet?
  • Er det forskjell på diskusjonane du har på skulen, heime eller blant vener? Kva er den viktigaste årsaka?

Del 4: Finn ei løysing

Debattklimaet har blitt tøffare, med personangrep og hatske diskusjonar på sosiale medium.

I grupper:

  • Diskuter dykk fram til løysingar på dette problemet. Gå gjerne ut av klasserommet for å diskutere, til eit mindre formelt rom, slik Ingunn Solheim gjer det i "Einig".
  • Korleis var det å diskutere i små grupper utanfor klasserommet samanlikna med klasseromsdiskusjonar? Fordelar og ulemper?

Del 5: Øv på å lytte

I grupper:

Prøv ut det Solheim seier om å verkeleg lytte til kvarandre, ved å diskutere denne påstanden frå "Einig"-programmet om rasisme:

Kvardagsrasisme er ganske vanleg i Noreg. Samd?

Skrive av Caroline Nesbø Baker og Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 18.02.2026