Oppgåve
Video
Hatytringar – ei utfordring for demokratiet
Dersom du ytrar deg i offentlegheita, kan du risikere å bli utsett for hatefulle ytringar. Hatefulle ytringar kan vere ei utfordring for demokratiet vårt. Kjør diskusjon!
Orsak, ein feil oppstod ved lasting av ekstern ressurs. Prøv å laste inn sida på nytt.
I denne videoen frå Medietilsynet høyrer vi barn lese kommentarar som norske politikarar har fått i sosiale medium.
Diskuter temaet hatefulle ytringar
Tips til diskusjonsspørsmål i klassen:
- Kvifor kan hatefulle ytringar vere ei utfordring for demokratiet vårt?
- Korleis kan ein forhindre hatefulle ytringar?
- Kvar meiner du grensa går mellom fornærmingar og hatefulle ytringar?