Gjer deg kjend med TONE
1. Kva står bokstavane TONE for?
Jobb i grupper og fordel dei ulike bokstavane i TONE mellom dykk.
Gå inn på artikkelen "TONE: strategi for kjeldekritikk" og finn fakta om bokstaven din. Noter stikkord for din bokstav i skjemaet nedanfor.
Når alle er klare, presenterer de bokstaven dykkar for dei andre i gruppa. Alle noterer stikkord for kvar bokstav i skjemaet.
Kva står bokstaven for ? | Kva skal du sjå etter? | |
|---|---|---|
T | ||
O | ||
N | ||
E |
2. Film: Ver ein kjeldegranskar!
Filmen nedanfor (lengde 6:27) handlar om korleis Faktisk.no granskar ulike typar kjelder.
Les spørsmåla, og noter stikkord med svar mens du ser filmen.
Kva er ein kjeldegranskar/faktasjekkar?
Kva er Faktisk.no?
Kva er viktig når ein skal kjeldegranske ein tekst?
Kva er viktig når ein skal kjeldegranske eit bilete?
Kva er viktig når ein skal kjeldegranske ein video?
Kva er viktig når ein skal kjeldegranske statistikk?
Kvifor er det spesielt viktig å vere kritisk til det som blir lagt ut i sosiale medium?
3. Er medelevane dykkar gode kjeldegranskarar?
Jobb to og to.
Finn minst to nyheiter eller annan informasjon om ei sak de er opptekne av. Minst ei av kjeldene skal vere sann, og minst ei skal vere usann eller falsk.
Set opp innhaldet frå kjeldene i eit dokument eller ein digital presentasjon.
Byt med eit anna par. Bruk TONE-skjemaet for å vurdere kjeldene. Klarer de å finne ut kva kjelder som er sanne og usanne?
Diskuter i klassen: Kva vart resultatet? Klarte alle å skilje mellom usann og sann informasjon?
4. Ekstraoppgåve
Lag ei falsk nyheit med eit eigna verktøy.
