Elleve epokar i filmhistoria - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Elleve epokar i filmhistoria

Filmspråket har utvikla seg kontinuerleg frå 1890-talet og fram til i dag. I denne oversikta har vi likevel valt å presentere ti viktige stilepokar i filmhistoria. Filmspråket speglar politisk og filosofisk tankegods i den perioden filmane har blitt til i.

Stumfilmen (1890–1930)

Omgrepet stumfilm blir brukt om ein film som berre inneheld bilete, ikkje lydspor. Dei første åra var det vanleg at filmvisninga vart akkompagnert av ein pianist eller eit orkester. I mange stumfilmar vart delar av forteljinga formidla ved hjelp av trykte tekstplakatar, såkalla mellomtekstar. Stumfilmen hadde styrken sin i bruken av lys og skugge, og stumfilmstjernene var meistrar i å vise kjensler ved hjelp av gestar, blikk og mimikk.

Les meir i artikkelen artikkelen "Frå stumfilm til lydfilm".

Klassisk film (frå 1910)

Det som ofte blir kalla den klassiske forteljande filmen, er i særleg grad knytt til den amerikanske filmen, slik denne vart utvikla i Hollywood i perioden frå rundt 1910 fram til slutten av 2. verdskrigen. Den klassiske filmen etablerte eit sett med normer for kva som blir oppfatta som naturleg når vi ser fiksjonsforteljingar på film.

Les meir i artikkelen "Klassisk film".

Montasjefilm (1920-talet)

Montasje handlar om å oppnå ein bestemt effekt gjennom å setje saman fleire element på ein spesiell måte. Samankoplinga formidlar då ein annan bodskap enn enkeltelementa kvar for seg. I film er omgrepet montasje knytt til teknikkar som vart utvikla av sovjetiske filmskaparar på 1920-talet. Nokre gonger snakkar ein difor om sovjetisk montasjefilm.

Les meir i artikkelen "Montasjefilm".

Ekspresjonistisk film (1930-talet)

Ekspresjonismen er ei filmatisk stilretning som oppstod i Tyskland i tida etter første verdskrigen, før nazistane overtok makta på byrjinga av 30-talet. Det filmatiske uttrykket slektar på annan ekspresjonistisk kunst, særleg den modernistiske målarkunsten, med bruk av få detaljar og forvridde former.

Les meir i artikkelen "Ekspresjonistisk film".

Neorealisme og poetisk realisme (1940-talet)

Neorealismen oppstod i Italia i tida like etter 2. verdskrigen, som ein reaksjon mot den klassiske filmen. I staden for fantasiforteljingar ville ein lage filmar som viste vanlege menneske og realistiske person- og miljøskildringar. I Frankrike kom realismen i filmen til uttrykk på ein annan måte, gjennom det som vart kalla poetisk realisme.

Les meir i artikkelen "Realistisk film".

Surrealistisk film (frå 1930)

Surrealisme er ei kunstretning som for alvor slo igjennom på 1920-talet. Surrealistane tok utgangspunkt i det umedvitne som inspirasjon i kunsten. Dei var inspirerte av psykoanalysen slik han vart utvikla av Sigmund Freud og elevane hans.

Les meir i artikkelen "Surrealistisk film".

Film noir (1940-talet)

Film noir er ein filmsjanger som hadde storheitstida si i USA på 1940-talet, men med viktige referansar til europeisk førkrigsfilm. Sams for filmane i denne sjangeren er såkalla low-key-lyssetjing, som er kjenneteikna av tydelege skilje mellom lys og mørkre. Eit anna trekk er at mange av filmane hentar handlinga frå detektivhistorier eller historier som på eit eller anna vis handlar om lovbrot.

Les meir i artikkelen "Film noir".

Fransk nybølgefilm (1950-talet)

På 1950-talet dukkar meir modernistiske tendensar fram hos unge franske filmregissørar. Dei var opptekne av film som kunstuttrykk og såg på regissøren som ein kunstnar som brukte kameraet på same vis som forfattaren brukte pennen og målaren penselen. Filmane fekk eit dokumentarisk preg, sidan opptaka gjekk føre seg på location, ikkje i studio.

Les meir i artikkelen "Fransk nybølgefilm".

Postmodernistisk film

Mens modernismen stiller seg avvisande til massekulturen, gjer postmodernismen det motsette. Dei kombinerer nytt og gammalt, høgkultur og massekultur. Postmoderne filmskaparar speler på allusjonar (referansar) til kjende medietekstar og ironiserer over både eigne og andre sine verk. Resultatet er ofte eit leikande og frodig uttrykk.

Les meir i artikkelen "Postmodernistisk film".

Dogmefilm (1990-talet)

Dogmefilm er eit konsept som vart introdusert i 1995 av ei gruppe danske filmregissørar som kalla seg Dogme 95. Gruppa ønskte å skape ei motvekt mot kommersialiseringa og fokuset på effektmakeri i film. For å oppnå dette laga dei ei rekke reglar som skulle sikre at filmane vart enkle, og som regissørane måtte skrive under på.

Les meir i artikkelen "Dogmefilm".

Digital film

Digitalisering og ny teknologi har gitt filmskaparar fleire avanserte visuelle verkemiddel. Visuelle effektar (VFX) blir brukte for å lage truverdige levande bilete i filmar som det elles ville vere for dyrt eller vanskeleg å lage, og dei kan betre og utsmykke filmopptak i postproduksjonen til filmen.

Les meir i artikkelen "Digital film".

Skrive av Ragna Marie Tørdal, Jon Hoem, Sissel Stokkedal og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018