Egenvurdering
Eigenvurdering: Kva er retorikk?
Her kan du sjekke kva du no veit om retorikk. Har du fått med deg alt?

Rop det ut! Ein ropert kan vere eit nyttig verktøy for å få merksemd, men det finst også andre effektive metodar.
- Retorikk
- Retorikken er læra om korleis ein taler overtydande. Ifølgje retorikken overtyder talaren gjennom argumentasjon (logos), truverd (etos) og kjensleappell (patos).
- Etos
- ei av dei tre retoriske appellformene. Med etos meiner vi truverdet til sendaren av ein bodskap. Sendar må ha tilliten til publikum, det er føresetnaden for å kunne overtyde.
- Logos
- ei av dei tre retoriske appellformene. Logos er det same som saksargumentasjon (open argumentasjon).
- Patos
- ei av dei tre retoriske appellformene. Patos handlar om å vekke kjensler og appellere til haldningar hos publikum.
- Medieuttrykk
- eit samleomgrep for alle typar medieproduksjonar som kan eller skal publiserast i ein mediekanal.
Bruk desse påstandane for å sjekke kor god kjennskap du har til emnet:
- Du veit kva retorikk er.
- Du kan forklare dei tre retoriske appellformene etos, logos og patos.
- Du kan forklare og gi døme på korleis ulike medieuttrykk bruker etos, logos og patos i kommunikasjonen sin.
- Du kan velje formålstenlege retoriske verkemiddel.