Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet medier, makt og representasjon
Media har eit spesielt ansvar for at ulike grupper og syn kjem til uttrykk i offentlegheita. Kvifor er det så viktig? Kva betyr det at nyheitsmedia set dagsordenen? Her får du ei liste med punkt for å sjekke kva du har forstått om medium, makt og representasjon.
Desse punkta gir deg ein peikepinn på korleis det står til med fagkunnskapen din:
- Eg veit kvifor det er viktig at alle grupper i samfunnet blir framstilte og representerte i media.
- Eg har lært kor viktig det er at spesielt svake grupper blir framstilte og representerte i media.
- Eg veit kva dagsorden og portvaktfunksjon betyr.
- Eg har lært at definisjonsmakt er ei form for usynleg makt, og eg veit korleis denne makta kan kome til uttrykk.
- Eg veit kva som ligg i uttrykket "framstillingsmakta til journalistikken".
- Eg forstår kvifor og korleis sosiale medium er med på å setje dagsordenen og påverke samfunnsdebatten.
- Eg veit korleis enkeltpersonar kan ha definisjonsmakt og setje dagsordenen.
- Eg forstår kva som ligg i samfunnsoppdraget til media, og kvifor dette er viktig for demokratiet.
- Eg veit kvifor nyheitsmedia blir omtalte som "den fjerde statsmakta", og eg kan forklare kva som ligg i dette uttrykket.
- Eg har lært kva rolle media speler i demokratiet, og kvifor dei har så stor makt i samfunnet vårt.
FAGOMGREP | ||
---|---|---|
Samfunnsoppdraget til pressa | Dagsordenfunksjon | Portvaktfunksjon |
Definisjonsmakt | Kjelder | Representasjon |
Samfunnsdebatt | Demokrati | Den fjerde statsmakta |
Journalistikken si framstillingsmakt |