Åtte epokar i norsk mediehistorie - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Åtte epokar i norsk mediehistorie

Mediehistorie er ei framstilling av samspelet mellom alle media i eit samfunn på eit bestemt tidspunkt. Mediehistoria speglar dei endringane som har skjedd i samfunnet vårt frå 1600-talet og fram til i dag, men framkomsten av nye medium har også vore ein pådrivar for samfunnsutviklinga.
Mediehistorikar Henrik Bastiansen om den første epoken i norsk mediehistorie som var prega av streng sensur. Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

1660–1814: Bøker og aviser blir tilgjengelege

Oppretting av dei første trykkeria og opprettinga av Postverket i Danmark-Noreg i 1647 gjorde det for første gong mogleg å spreie informasjon til mange menneske på kort tid. Ein annan viktig føresetnad var at folk kunne lese. Undersøkingar syner at det så tidleg som midt på 1700-talet var få analfabetar i Noreg, sjølv på landsbygda.

Avisene blei dei første massemedia. Gjennom å lese aviser fekk folk flest kunnskap om det som skjedde i verda, og kunne ut frå dette danne seg eigne meiningar om styresett og myndigheiter. Makthavarane svarte i første omgang med å innføre sensur. Boktrykkjarar måtte ha kongeleg løyve, og aviser blei utgitte etter godkjenning frå kongen.

Til fordjuping: Ei lesande offentlegheit

1814–1850: Trykkjefridom og politisk debatt

Prinsippet om trykkjefridom blei nedfelt i den norske Grunnlova av 1814, der det i § 100 heiter: «Trykkefrihed bør finde Sted.» 1814 er derfor eit viktig skilje i norsk mediehistorie. Trykkjefridomen innebar at det ikkje lenger var risikabelt å kritisere styresmaktene, regjeringa og kongen. I praksis blei dei fleste norske avisene opposisjonelle og stilte kritiske politiske spørsmål.

I tiåra etter 1814 blei avisene ein viktig arena for den offentlege debatten. Før las folk i Noreg danske aviser, men i denne epoken blei det etablert fleire norske aviser. Frå 1819 kom Morgenbladet ut som den første norske dagsavisa.

I 1837 blei formannskapslova vedteken, og landet inndelt i kommunar. Det førte til at folk rundt om i landet fekk moglegheit til å styre sjølve i lokale saker. I kjølvatnet av denne lova voks det fram nye lokalaviser og regionaviser som talerøyr for ulike grupper i folket.

Til fordjuping: Den politiske offentlegheita

1850–1920: Den store tekniske revolusjonen

Dei store tekniske framskritta gjorde at mange nye medium voks fram i denne perioden. Døme er telegrafen, telefonen, grammofonen og fotografiet. Kommunikasjon via telegraf og telefon endra kommunikasjonsmønsteret og knytte ulike landsdelar tettare saman.

Ny teknologi gjorde det etter kvart mogleg å vise fram «levande bilete». Filmen blei det andre store massemediet på slutten av 1800-talet og etablerte seg raskt som eit sentralt underhaldningsmedium.

I 1884 blei parlamentarismen innført i Noreg. Parlamentarisme inneber at eit fleirtal i Stortinget kan felle regjeringa. Parlamentarismen førte til kraftig vekst i talet på aviser i Noreg. Avisene fungerte som partipolitiske talerøyr, både på nasjonalt og regionalt nivå, heilt fram til 1970-talet.

Til fordjuping: Den store tekniske revolusjonen

1920–1950: Media i massesamfunnets tidsalder

1920-åra blei radioen etablert som det tredje store massemediet i Noreg. I 1933 blei NRK oppretta som eit statleg, lisensfinansiert selskap med monopol på kringkasting i Noreg. Samtidig blei Televerket pålagt å byggje ut kringkastingsnettverket i landet.

Radioen nådde eit større publikum enn avisene og filmen. I 1940 hadde halvparten av norske hushald radio, men dei aller fleste apparata blei inndregne av tyske myndigheiter. 1950-talet blei gullalderen for radioen i Noreg. Men sjølv om radioen blei eit populært medium, var det i avisene den politiske debatten gjekk føre seg.

Første halvdelen av 1900-talet var prega av store samfunnsomveltingar i Europa. Media, og spesielt visuelle medium som filmar og plakatar, blei medvite brukte for å påverke folkemassane, og difor snakkar vi om massemedia og massekommunikasjon. Ein viktig økonomisk føresetnad var utviklinga av reklame i aviser, tidsskrift, kino og radio.

Til fordjuping: Media i massesamfunnets tidsalder

1950–1960: Dreiinga mot det visuelle

På 1950-talet hadde fire store massemedium fått fotfeste i Noreg: aviser, vekeblad, kino og radio. Felles for utviklinga i dei fire massemedia er at bileta fekk større plass. Filmavisa var 50-talets dagsrevy. Talet på norske spelefilmar auka kraftig. Ordninga med bygdekinoar førte til at filmen fekk fotfeste også på landsbygda.

Dei store familieblada Hjemmet, Allers og Norsk Ukeblad dominerte marknaden. Innhaldsmessig retta vekeblada seg mot privatsfæren. I 1953 blei det selt mellom 200 000 og 300 000 teikneseriehefte i Noreg kvar veke. Overgang til firefargestrykk gjorde teikneseriehefta meir innbydande.

Til fordjuping: Dreiinga mot det visuelle

1960–1980: Fjernsyn og kringkastingsmonopol

Fjernsynet blei det femte store massemediet i Noreg. Den offisielle opninga av fjernsynet gjekk føre seg i 1960. Det blei snart eit populært nyheitsmedium, men fekk også ein sentral plass som kulturformidlar og underhaldningsmedium. Dei andre massemedia blei i stor grad påverka av fjernsynet og blei nøydde til å tilpasse seg den nye situasjonen. Det at fjernsynet blei innført, endra difor heile mediebiletet i Noreg.

NRK hadde i denne perioden monopol på utsending av både radio og fjernsyn, og fleire var uroa over dei tette banda mellom statskringkastinga og dei politiske makthavarane i landet.

Til fordjuping: Det norske systemet i senit

1980–2000: Det store hamskiftet

I denne perioden endra det norske medielandskapet seg totalt med omsyn til organisering og kven som eigde kva. Utviklinga i mediemarknaden blei påverka av den frie marknadsøkonomien. NRK-monopolet blei oppløyst, og regjeringa gav konsesjon på kringkasting til nye, kommersielle fjernsyns- og radiokanalar som TV 2 og P4.

Banda mellom dei politiske partia og pressa blei svekte og etter kvart heilt borte. På 1990-talet sette avisene seg som mål å vere partipolitisk uavhengige. Vi fekk store mediehus med eigarinteresser i mange medium. Dette rydda grunnen for den mediekonvergensen som er eit særmerke for åra etter tusenårsskiftet.

Til fordjuping: Det store hamskiftet

2000–: Over til personlege medium

Etter tusenårsskiftet er framleis dei fem store massemedia viktige aktørar i samfunnet vårt. Men det som først og fremst pregar 2000-talet, er framveksten av nye personlege medium. På Internett kan alle opptre som sendarar. Det er ikkje lenger ei rolle som berre kan fyllast av profesjonelle medieprodusentar. Nettsamfunn som Facebook, diskusjonsforum og bloggar har fått ei viktig rolle.

På mange måtar kan vi seie at vi kan oppsummere mediehistoria i ein moderne smarttelefon: Vi har no eit allmedium der vi kan snakke i telefon, men også lese avisa, ta opp eller laste ned video eller bilete, sjå fjernsyn, høyre radio og musikk og mykje, mykje meir.

Til fordjuping: Over til personlege medium

Skrive av Marte Lindstad Næss. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020