Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Agent i eigen mediekvardag

Korleis skal du ta kontroll over din eigen mediekvardag? Reflekter over kva tankar og kjensler som styrer mediebruken din, og diskuter det med klassekameratane dine.

1. Mediekvardagen min

Å vere agent i eigen mediekvardag vil seie at du aktivt tek over styringa av media i livet ditt. Dersom du opplever at sosiale medium skaper stress og press og til dømes går ut over skule og søvn, kan du gjere noko med det. Korleis du kan ta kontroll over din eigen mediebruk?

2. Diskuter forslaga til kvarandre

Gå saman i grupper, og diskuter forslaga de kom fram til i den førre oppgåva.

  1. Kvifor er det viktig å snakke saman om press og stress på sosiale medium?
  2. Kva tankar og kjensler styrer mediekvardagen deira?
    • Kva innlegg skaper positive kjensler? Gi eksempel.
    • Kva innlegg skaper negative kjensler? Gi eksempel.
    • Korleis reagerer de vanlegvis på det andre legg ut?
    • Kva er dei viktigaste grunnane til at de postar noko sjølv?
  3. Korleis kan de på best mogleg måte ta kontroll over mediekvardagen dykkar? Forsøk å kome fram til eit par forslag som alle er samde om.
Skrive av Karl Henrik Aanesen og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 28.04.2026