Hopp til innhald
Filmklipp

Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

Norsk filminstitutt presenterer tre dokumentarfilmar om ytringsfridom, menneskerettar og demokrati i Rwanda og på Sri Lanka.

Retten til å vere menneske

Dokumentarfilmane til Beate Arnestad tematiserer fråvere av menneskerettar og ytringsfridom i to land der Noreg som nasjon har arbeidd med fredsmeklingar – i Rwanda og på Sri Lanka.

Sri Lanka

Etter at den 26 år lange borgarkrigen tok slutt i 2009, har situasjonen stabilisert seg på Sri Lanka. Men til no er det lite som tydar på at styresmaktene vil ta tak i behova for forsoning og finne ei politisk løysing på konflikten som vil sikre framtidig stabilitet og hindre diskriminering av minoritetsgruppene.

Tittel: Min datter terroristen
År: 2007
Tilrådd alder: 15 år

Kva fører til at eit menneske er villig til å ofre livet sitt for ei sak som ho meiner er større enn henne sjølv? Kva er eigentleg ein terrorist? Kva er skildnaden på ein terrorist og ein fridomskjempar? Når kjenner eit menneske det legalt å drepe seg sjølv for å drepe motstandarane? "Skapinga" av ein sjølvmordsbombar blir skildra gjennom nære og personlege intervju med to "svarte tigrar" i Liberation Tigers of Tamil Eelam, Darshika og Puhalchudar, og med mora til Darshika. Min datter terroristen blir i dag betrakta som eit stykke pionérarbeid frå regissøren Beate Arnestad.

Tittel: Tvunget til taushet
År: 2010
Tilrådd alder: 15 år

Tvunget til taushet er ein film om krigsbrotsverk, ytringsfridom og om menneske som er villige til å risikere livet for å få fram sanninga. Filmen følgjer tre srilankiske journalistar som har avdekt krigsbrotsverk gjorde av regjeringsstyrkane i krigen mot dei tamilske tigrane. Journalistane har måtta flykte frå heimlandet og lever no i skjul. Filmen viser også heilt ukjende og brutale sider ved den såkalla oppryddinga av regjeringsstyrkane på Sri Lanka, der særleg den tamilske befolkninga har lidd store tap.

Rwanda

For 20 år sidan blei Rwanda råka av eit av dei mest grufulle folkemorda verda har sett etter den andre verdskrigen. Meir enn 800 000 menneske blei drepne i løpet av 100 dagar. Operasjon Dagsverk i 2011 samla inn pengar til ungdom i Rwanda for å gi dei skulegang og moglegheit til å lære om rettane sine slik at dei aktivt kan delta i utviklinga i landet sitt.

Tittel: Sannhetens mange ansikter
År: 2010
Tilrådd alder: 15 år

Norske Erik Møse er hovuddommar i FNs internasjonale straffedomstol for Rwanda (ICTR). Møse er internasjonalt høgt respektert og akta. Han har i fleire år arbeidd med skuldspørsmål etter massakrane i 1994. Dei siste åra har det blitt innkalla svært mange vitne – det finst få bevis, så domstolen må basere seg på vitneutsegner. Beate Arnestads dokumentarfilm Sannhetens mange ansikter tek opp arbeidet til ICTRs og Møse. Ho var ei av dei aller første uavhengige filmskaparane som har fått tilgang til rettssalen i Arusha (Tanzania).

Skrive av Ingrid Dokka. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021