Verifiser, samanlikn og drøft mediefaglege teoriar - Vurder om teoriane er haldbare - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Verifiser, samanlikn og drøft mediefaglege teoriar

Oppgåve

Vurder om teoriane er haldbare

I denne oppgåva skal du reflektere rundt forskjellen på korleis journalistar og forskarar går fram når dei ønsker å verifisere ulike påstandar og teoriar. Å verifisere betyr å stadfeste at teorien er sann eller sannsynleg.
I denne videoen møter du journalist og faktasjekkar Morten Langfeldt Dahlback i Faktisk.no. Han viser korleis han jobbar med sjekk av tekst, bilete, video og statistikk. Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåve 1: Kva kan ein faktasjekkar sjekke?

Les meir om korleis ein faktasjekkar jobbar i artikkelen "Slik jobber vi" på Faktisk.no.

  1. Kva kan ein faktasjekkar ?

  2. Kva er det ein faktasjekkar ikkje kan seie noko om, og kvifor kan ikkje alle utsegner faktasjekkast?

Oppgåve 2: Avslør ein konspirasjonsteori

  1. Kva er ein konspirasjonsteori?

  2. Vel ein konspirasjonsteori frå oversikta i artikkelen "10 populære konspirasjonsteorier" hos ABC Nyheter. Korleis vil du som journalist og faktasjekkar gå fram for å avsløre at denne teorien er usann?

  3. Korleis ville du ha gått fram dersom du var forskar?

  4. Forklar forskjellen på forsking og undersøkande journalistikk.

Oppgåve 3: Vurder haldbarheita til to motstridande teoriar

Vitskaplege teoriar bygger på forsking, men av og til kjem forskarar fram til heilt ulike teoriar om eitt og same fenomen. Det finst til dømes ulike teoriar om korleis vi blir påverka av vald i media.

Dei fleste medieforskarar konkluderer med at det ikkje finst tydelege årsakssamanhengar mellom medievald og det at folk sjølve utøver fysisk vald mot andre. Men dei meiner at valdelege personar ofte blir tiltrekte av valdeleg medieinnhald i filmar og spel.

Psykologiprofessor Atle Dyregrov er ueinig i dette. Han meiner at psykologisk forsking klart viser at barn som speler valdelege dataspel, har større risiko for å utvise aggressiv åtferd og aggressive tankar.

Tenk deg at du er medieforskar. Korleis ville du gå fram for å undersøke haldbarheita til desse to teoriane og avgjere kva for ein av dei som er mest sannsynleg? Lag ei skisse for eit forskingsprosjekt som har som mål å ein av teoriane.

Relatert innhald

Fagstoff
Teori, empiri og vitskap

I denne fagartikkelen lærer du om omgrep som teori, empiri og hypotese, og om korleis forsking kan bidra til teoretisk innsikt.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022