Utforsk nyheitsforteljingar om sjukdommen covid-19 - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Utforsk nyheitsforteljingar om sjukdommen covid-19

Kven har skulda for koronapandemien? Er det kinesarane, eller kanskje det amerikanske forsvaret? Og kvifor blir nokon etniske grupper ramma hardare enn andre? I denne oppgåva skal klassen samarbeide om å utforske internasjonale nyheitsforteljingar om sjukdommen covid-19.

Oppgåve 1) Klassekonkurranse

Kven finn flest forklaringar på korleis koronaviruset oppstod?

  • Søk på nettet etter både norske og internasjonale nyheitssaker som handlar om korleis koronaviruset oppstod.

  • Lag ei liste over forklaringar med lenkje til den nyheitskjelda der opphavet til koronaviruset blir beskrive.

Den som finn flest ulike forklaringar, blir kåra til klassens nyheitsdetektiv.

Oppgåve 2) Forklaringar på korleis pandemien oppstod

Jobb saman med å sortere dei ulike årsaksforklaringane i følgjande ulike kategoriar:

  • vitskaplege forklaringar

  • politiske forklaringar

  • spekulasjonar

  • konspirasjonsteoriar

  • andre forklaringar

Oppgåve 3) Forklaringar på kven som blir ramma

Neste steg er å finne fram til nyheitsforteljingar som forklarer kvifor befolkninga i nokre landområde og minoritetsgrupper med utanlandsk opphav blir ramma hardare av koronapandemien enn andre.

Sorter også desse forklaringane i ulike kategoriar. Det kan til dømes vere

  • fysiologiske forklaringar

  • samfunnsmessige forklaringar

  • politiske forklaringar

  • moralske forklaringar

  • spekulasjonar

  • konspirasjonsteoriar

Oppgåve 4) Kven formidlar kva for teoriar?

Samanlikn nyheitsformidlinga om covid-19 frå ulike nyheitskanalar. Vel til dømes CNN og CCTV.

  1. Kva for teoriar legg ulike internasjonale nyheitskanalar til grunn for

    • korleis koronaviruset oppstod?

    • kvifor nokon blir ramma hardare av pandemien enn andre?

  2. Finn de nokon mønster?

Oppgåve 5) Reflekter saman i klassen

Kva har de lært gjennom å studere internasjonal nyheitsdekning av koronapandemien?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2022