Ungdom, porno og nakenbilete - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Ungdom, porno og nakenbilete

Kva fortel Medietilsynets undersøkingar om forholdet unge har til porno og nakenbilete? Er det vanleg i klassen din å dele nakenbilete? Og bør porno vere ein del av seksualopplysinga på skulen?

Oppgåve 1: Lytt til ein podkast frå Medietilsynet, noter stikkord og sjekk fakta

I episoden nedanfor tek Den norske mediepodden føre seg ungdom og mediebruk og korleis bruk av digitale plattformer utfordrar intimsoner og seksualliv.

Digitale plattformer har for det første gjort det enklare for ungdom å få tilgang til porno, og for det andre blir ungdom utsette for press om å dele nakenbilete (også kalla nudes, frå engelsk).

I podkasten møter du Ella Fyhn, som er 10.-klassing og medlem av Barneombodets ekspertgruppe, prosjektleiar Silje Berggrav i Redd Barna og politioverbetjent Hanne Andreassen i Kripos. Programleiar er Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Podkast, Medietilsynet (2021): Ungdom, porno og nakenbilder

  • Noter stikkord mens du lyttar. Bruk skjemaet nedanfor.

  • Lag eit skriftleg resymé av som blir presenterte i denne podkasten.

  • Søk etter forskingsdata som bekreftar opplysingane, og legg inn lenkjer til forskingsrapportane i resymeet.

Oppgåve 2: Arbeid med temaet nakenbilete

a) Gjennomfør ei spørjeundersøking

Gjennomfør ei anonymisert spørjeundersøking i klassen der de ber om svar på desse spørsmåla:

  • Har du blitt beden om å dele nakenbilete av deg sjølv?

  • Har du delt eit nakenbilete av deg sjølv?

  • Har du fått eit nakenbilete frå andre?

  • Har du delt eit nakenbilete av andre?

  • Er det ok å be om eller dele nakenbilete?

Diskuter grundig korleis de kan gå fram for at ingen skal kunne identifisere kven som har svart kva.

Diskuter også korleis resultatet av ei slik undersøking bør bli behandla på ein etisk korrekt måte.

b) Reflekter over resultatet

Reflekter saman over det de fann ut i klasseundersøkinga.

  • Er det vanleg å dele nakenbilete i aldersgruppa dykkar?

  • Kva kan vere grunnen til at nokon deler slike bilete?

  • Kvifor har de ulike oppfatningar av det å dele nakenbilete?

Oppgåve 3: Diskuter temaet porno

Diskuter til slutt i klassen om bør vere ein del av den seksualopplysinga de får på skulen.

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022