Ulike perspektiv på samfunnsfenomen - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ulike perspektiv på samfunnsfenomen

Samfunnsforskarar har ofte ulike teoretiske utgangspunkt i synet på samfunnet og samfunnsprosessane. Vi kan kalle dette ulike teoretiske hovudretningar eller perspektiv. Slike perspektiv pregar òg forsking på funksjonen og rolla til media i samfunnet.

Kvifor er teoriar, teoretikarar og perspektiv så viktige?

Teoriar og perspektiv er verktøy for å forstå, beskrive og analysere samfunnsfenomen.

La oss seie du vil ta for deg problemstillinga "Korleis påverkar sosiale medium norske ungdommar i alderen 16 til 19 år?" i ei oppgåve. Her kan du til dømes ta utgangspunkt i George Gerbners teoriar om korleis vi blir "kultiverte" inn i og forma av oppfatninga og attgivinga media har av verkelegheit. Men du kan òg velje å ta utgangspunkt i Goffmans teoriar om korleis vi bygger identitet ved å framstille oss sjølve på ei "scene".

Du kan bruke omgrepsapparatet og forklaringane deira som verktøy for å analysere di eiga problemstilling. Dersom du gjennomfører ditt eige forskingsprosjekt, kan du knyte din eigen diskusjon av funna dine mot forklaringane deira. Slik koplar du saman teori og empiri.

Harmoniperspektiv, konfliktperspektiv eller handlingsperspektiv?

Korleis vi vel å analysere samfunnet, spring ut frå kva ståstad vi vel, altså kva for nokre teoretiske perspektiv vi legg til grunn for å forstå, forklare og analysere rolla til media i samfunnet.

  • I eit harmoniperspektiv – eller med utgangspunkt i ein harmonimodell – vil det vere fokus på at samfunnet er ein heilskap, og ein forskar vil til dømes sjå på korleis dei ulike delane i eit samfunn fungerer saman.

  • Konfliktperspektivet er ei motsetning til dette; her vil ein forskar sjå på til dømes ueinigheit, maktkamp og sosial ulikskap.

  • I eit handlingsperspektiv er det fokus på aktørane. Her vil ein forskar prøve å analysere samfunnet med utgangspunkt i individa, det vil seie aktørane.

Perspektiv på samfunnsfenomen

Her skal vi gå gjennom tre ulike tilnærmingar til samfunnsfenomen:

  • symbolsk interaksjonisme

  • funksjonalisme

  • konfliktteori

Symbolsk interaksjonisme

Teoretikarar som tek utgangspunkt i denne tilnærminga, er opptekne av å forstå samfunnet med utgangspunkt i aktørane, det vil seie individa. Interaksjonsteoretikarar har stort sett vore opptekne med å studere samhandling mellom individ. Dei har sett på symbola som grunnleggande byggesteinar i samfunnslivet. Utan symbol ville vi ikkje ha vore i stand til å kommunisere, vi ville ikkje kunne legge planar for framtida, og vi ville ikkje ha hatt bøker, musikk eller kunst.

I dette perspektivet blir det gjennomført analysar på mikronivå, og det er individorientert. Dei ser på eget som eit symbol. Eget består av idéar og oppfatningar om kva vi er. Desse oppfatningane av oss sjølve og andre forandrar og justerer vi etter kvart som vi samhandlar med andre. Viss du til dømes snakkar med onkelen din eller tanta di, vil du justere og tilpasse åtferda di til dei. Hadde ein av dei derimot vore kjærasten din, ville du ha oppført deg heilt annleis.

Dagleglivet blir vurdert som ein scene der vi heile tida speler nye roller og får nytt publikum, og sosialiseringsprosessen blir sett på som den viktigaste prosessen for å tileigne seg forståinga av symbola. All samhandling mellom individ medfører ei utveksling av symbol. Vi går inn for å tilpasse oss situasjonen vi er i.

George Herbert Mead blir rekna som grunnleggaren av dette teoretiske perspektivet. Det er vidareutvikla av mellom anna teoretikarar som Erwing Goffman.

Døme

Gjennom sosiale medium isceneset vi oss sjølve på ulike måtar, og vi vekslar gjerne mellom ulike roller.

Les meir om Goffmans teoriar i fagartikkelen om sosiale medium som scene.

Funksjonalisme

Funksjonalismen ser på samfunnet som ein heilskap og på korleis dei ulike delane i eit samfunn fungerer saman. Ifølge dette perspektivet er samfunnet ein organisme, der alle delane må fungere saman i harmoni om organismen skal verke. Dersom det ikkje skjer, har ein eit "sjukdomsteikn", og tiltak må setjast inn for å føre tilstanden i samfunnet tilbake til "harmoni". Konfliktar og problem er dermed unormale tilstandar som vi må rette på.

Teoretikarar som bruker denne teorien, legg vekt på integrerande og normerande prosessar som sosialisering og internalisering av reglar og normer. Sosiale ulikskapar blir oppfatta som nødvendige for at samfunnet skal fungere. Når dei ulike rollene har ulik status, blir individa motiverte til å streve etter høgare sosial status. Det skaper konkurranse. Ei viktig målsetjing i eit funksjonalistisk perspektiv er derfor å kartlegge rollestrukturen i eit sosialt system.

I dette perspektivet blir det gjennomført analysar på makronivå, og det er systemorientert. Funksjonalismen har vorte kritisert for å ikkje kunne forklare endringar i samfunnet, og at dette perspektivet ikkje tek høgde for motsetningar og konflikt i eit samfunn.

Émile Durkheim blir rekna som ein av grunnleggarane av dette perspektivet.

Døme

Norsk mediepolitikk legg til grunn at media har ei viktig rolle i demokratiet. Media skal sikre ytringsfridom, legge til rette for den offentlege samtalen og avsløre maktmisbruk frå styresmaktene si side. Desse retningslinjene er òg nedfelte i Ver varsam-plakaten.

Men kva skjer med demokratiet dersom media formidlar falske nyheiter, og dersom hets i kommentarfelta bidreg til at minoritetsgrupper ikkje lenger tør å ytre seg?

Konfliktteori

I eit konfliktteoretisk perspektiv er det fokus på at det vil vere grunnleggande motsetningar på alle nivå i det sosiale livet. Samfunnet består av grupper som er i evig konkurranse og kamp om knappe ressursar. Tilhengarar av marxismen hevdar at den viktigaste motsetninga i samfunnet er mellom dei som har eigedomsrett til produksjonsmidla, og dei eigedomslause, som Marx kalla proletariatet.

Dei som tek utgangspunkt i konfliktteori, ser på det slik at samfunnet er styrt av ein maktelite. Dei meiner at samfunnet blir halde saman gjennom maktbruk og undertrykking, og at verdiane av makthavarane dominerer. Marx såg på konflikt mellom kapitalistane og proletariatet, men konfliktteoretikarar i dag analyserer òg andre grupper og forhold i samfunnet.

I dette perspektivet blir samfunnsforhold analyserte på eit makronivå, og det er systemorientert.

Døme

er mønster i måten vi omtaler og forstår verda på. Omgrepet vart utvikla av teoretikaren Michel Foucault. Diskursar låser oss fast i bestemde perspektiv som vi er tilbøyelege til å gjenta og forsterke.

Medieforteljingar som speglar maktforholdet mellom kvite og svarte, kan ein til dømes forstå i lys av ein postkolonialistisk diskurs (sjå fagartikkelen om postkolonialisme).

Skrive av Leonhard Vårdal, Kristin Sundstrøm og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022