The Circle - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

The Circle

Filmen tek oss med til ei nær framtid og inn i The Circle – eit prestisjefylt og vellykka teknologiselskap som stadig flyttar grensene for personvern.

Om filmen

Mae Holland (Emma Watson) kjem seg gjennom nålauget og blir tilsett i ei junior-stilling hos teknologigiganten The Circle.

Ho byrjar først å jobbe i kundeavdelinga til selskapet. Etter ei lita stund får ho møte direktøren i selskapet, Eamon Bailey (Tom Hanks).

Bailey ber henne stå i spissen for eit eksperiment som tøyer grensene for personvern. Maes personlege fridom blir òg sett under press.

Filmen er basert på ei bok med same namn av Dave Eggers.

Banebrytande teknologi

I filmen ser vi korleis selskapet The Circle stadig utviklar ny og banebrytande teknologi.

Eit døme på dette er kameraet SeeChange. SeeChange er eit lite kamera som enkelt kan plasserast overalt i verda.

Kameraet tek bilete og sender desse direkte til internett, slik at kven som helst kan følgje med.

Etiske dilemma

Teknologiske nyvinningar, slik som SeeChange, løftar nokre viktige etiske dilemma.

På den eine sida kan den nye teknologien hjelpe til med å kjempe mot kriminalitet, forhindre ulykker eller ganske enkelt gi oss nyttig informasjon. Men teknologien opnar òg for eit dystert framtidsbilete, der overvaking kan brukast som maktmiddel, av både politikarar så vel som av store selskap.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 16.09.2021