Skriftleg oppgåve om analyse og tekstteoriar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Skriftleg oppgåve om analyse og tekstteoriar

Her skal du vise at du kjenner til og kan bruke grunnleggjande tekstteoriar og analysemodellar.

Målet med oppgåva er

  • å vise at du kjenner til nokre viktige omgrep knytte til tekstar

  • å vise at du kjenner til nokre grunnleggjande tekstteoriar og analysemodellar

  • å vise at du kan bruke desse verktøya i analyse av medietekstar

  • å vise at du kan reflektere over samanhengen mellom form og innhald i ein medietekst

Oppgåve 1: Omgrepsforklaringar

Forklar desse omgrepa:

  • semiotikk

  • narratologi

  • retorikk

  • diskurs

  • resepsjonsforsking

Oppgåve 2: Analysemodellar

  1. Kva er ein analysemodell, og kvifor bruker vi slike modellar i møte med tekstar?

  2. Teikn og forklar desse tre modellane:

  • den semiotiske trekanten

  • Greimas' aktantmodell

  • Hollywood-modellen

Oppgåve 3: Analyser ein medietekst

  1. Gjer greie for samanhengen mellom ulike tekstteoriar og analysemodellar.

  2. Vel ein aktuell . Forklar kva teoriar og modellar du vil bruke i ein analyse av nettopp denne teksten. Grunngi vala dine.

  3. Analyser medieteksten.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022