Skriftleg oppgåve: mediebruk og statistikk - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Skriftleg oppgåve: mediebruk og statistikk

Øv deg på å løyse ei skriftleg oppgåve som handlar om forsking, statistikk og drøfting av statistiske data.

Læringsmål

Måla med oppgåvene er at du skal kunne

  • forstå forskjellen på empiri og teori

  • finne, vurdere og bruke statistiske kjelder

  • vurdere styrkar og svakheiter ved ulike forskingsmetodar

  • bruke faglege teoriar til å drøfte betydninga av statistiske data

1. Viktige omgrep

Forklar og gi døme på desse omgrepa:

  • teori

  • empiri

  • forsking

  • kvantitativ undersøking

  • kvalitativ undersøking

2. Beskriv ei kvantitativ undersøking

Forklar korleis du vil gå fram i ei kvantitativ undersøking om mediebruk.

Vurder kva styrkar og svakheiter forskingsmetoden du har valt, har.

3. Tolkingar av statistiske data

Statistisk sentralbyrå oppdaterer årleg statistikken Norsk mediebarometer.

Statistisk sentralbyrå: Norsk mediebarometer

Ta utgangspunkt i denne analysen av statistiske data frå 2022:

Statistisk sentralbyrå: 1 av 3 unge voksne følger ikke med på nyheter i tradisjonelle medier

Kva fortel analysen om mediebruk og val av nyheitskjelder i ulike aldersgrupper og grupper med ulikt utdanningsnivå?

Drøft desse funna i lys av teoriar om medieutvikling, mediebruk og informasjonskløfter.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022