Retorisk medborgarskap og ytringskultur - Debattkultur på internett - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Retorisk medborgarskap og ytringskultur

Oppgåve

Debattkultur på internett

Internett og sosiale medium er ein viktig arena for samfunnsdebatt. I denne oppgåva skal du studere debattkultur på nett og sjå nærare på ytringar i kommentarfelta til nyheitssaker.

Oppgåver

Del 1: Vurder ein debatt på Internett

Sett deg inn ein debatt som går føre seg i samband med ei aktuell nyheitssak på nett. Studer kommentarane og gi ei vurdering av dei.

Finn ut:

  1. Kven deltar i debatten? Stikkord: kjønn, alder, politisk tilhøyrsel eller annan gruppetilhøyrsel.
  2. Kva kjenneteiknar debatten? Er innlegga saklege? Er det lange, forklarande innlegg eller korte påstandar? Held ein seg til saka?
  3. Korleis utviklar debatten seg? Sklir han ut på nokon måte? Korleis?
  4. Har debattane moderatorar? Korleis kjem dette eventuelt til syne?
  5. Synest du debattar i nettavisene bør ha moderatorar? Grunngi svaret ditt.
  6. Trur du deltakarane i debatten er medvitne ytringsansvaret sitt? Ytringsfridommen medfører plikter og ansvar. Ytringsansvar handlar om å ta ansvar for ytringane sine og vere klar over at nokre ytringar kan verke krenkjande på andre.

Del 2: Nettaviser stenger kommentarfelt

Nettdebattar er eit viktig bidrag til demokratiet. Her kan alle komme til orde, eit breitt mangfald av ytringar og stemmer kan delta i diskusjonar.

Pressa har eit spesielt ansvar for å legge til rette for ein open debatt og bidra til at ulike syn kjem til uttrykk. Samstundes har fleire norske nettaviser no valt å stenge kommentarfelta sine.

  1. Undersøk kva for nokre norske nettaviser som har vedtatt å stenge kommentarfelta sine.
  2. Kvifor trur du nettavisene har tatt dette valet?
  3. Kva er samanhengen mellom ytringsansvar og god debattkultur?
  4. Eit levande demokrati treng eit mangfald av stemmer. Når kommentarfelt blir stengde, kan debatten flyttast over i mørke krokar og lukka rom. Kva kan det føre til?
  5. Kan ein usunn debattkultur på nett true demokratiet?


Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Trude Løvskar.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2019