Retorisk medborgarskap og ytringskultur - Grensene for ytringsfridomen - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Retorisk medborgarskap og ytringskultur

Fagartikkel

Grensene for ytringsfridomen

Ytringsfridomen står sterkt i Noreg, men du kan ikkje seie kva som helst. Lova set rammer og grenser for ytringsfridomen. Uformelle normer og reglar kan avgrense ytringsfridomen, mens grove, hatefulle eller diskriminerande ytringar er eksempel på ulovlege ytringar.

Ytringsfridomen er eit overordna prinsipp i eit velfungerande demokrati. Det er viktig å leggje til rette for ein samfunnsdebatt med stor takhøgde og eit breitt meiningsmangfald. Det kan derfor vere utfordrande å setje rammer og grenser for ytringsfridomen. Nokon hevdar at alle typar ytringar bør kunne diskuterast i offentlegheita, mens andre meiner vi tøyer ytringsfridomen for langt.

Uformelle avgrensingar på ytringsfridomen

Har du nokon gong halde tilbake meiningane dine i frykt for å bli latterleggjort av andre menneske? Normer og uformelle avgrensingar på ytringsfridomen kan ha vel så stor betydning for den faktiske ytringsfridomen som formelle, lovmessige avgrensingar. Upopulære ytringar kan til dømes føre til mobbing og utestenging, og dette kan verke avgrensande på ytringsfridomen.

Snakk saman

  • Har du vore redd for korleis folk vil oppfatte ytringane dine og av den grunn halde meiningane dine for deg sjølv?
  • Har du opplevd at ytringane dine har vorte latterleggjort av andre?

Formelle avgrensingar på ytringsfridomen

I Noreg har vi formelle lover som set rammer og grenser for ytringsfridomen. Ytringsfridomen blir til dømes avgrensa av omsyn til privatlivets fred. Det er ulovleg å spreie, framstille og gå til innkjøp av krenkjande bilete. Det kan òg vere straffbart å ta, ta vare på eller dele nakenbilete eller -filmar av personar som er under 18 år. Det er forbode å setje fram truslar og oppmode til vald og straffbare handlingar. Ytringar som kan setje sikkerheita i landet i fare er òg ulovlege.

Eksempel på straffbare ytringar er

  • truslar
  • ytringar som oppmodar til straffbare handlingar
  • ytringar som kan true sikkerheita i landet
  • å spreie bilete av andre utan samtykke
  • hatefulle ytringar

Hatefulle ytringar og netthets

Grove, hatefulle eller diskriminerande ytringar kan straffast med bøter eller fengsel. Dette gjeld òg ytringar som blir publiserte på digitale medium. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å avgjere kva ytringar som er straffbare. Dersom du er i tvil om ei ytring er lovleg eller ikkje, kan du vende deg til politiet.

§ 185. Straffeloven. Hatefulle ytringer

Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres

  • hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse,
  • religion eller livssyn,
  • homofil orientering, eller
  • nedsatte funksjonsevne.
Denne filmen set fokus på hatytringar. Mange opplever grov hets og hatytringar på sosiale medium. Dette er eksempel på ulovlege ytringar som kan straffast. Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Utfordring for demokratiet

Netthets er eit eksempel på digitale ytringar som kan få alvorlege konsekvensar for enkeltpersonar, grupper og heile samfunnet. Dersom du ytrar deg i offentligheten, kan du risikere å bli utsett for hatefulle ytringar. Hatefulle ytringar kan vere ei utfordring for demokratiet vårt, det kan føre til at færre menneske tør å ytre seg i offentlegheita.

Internett gjer det mogleg å spreie ytringar raskt, og til mange mottakarar. Det er rekna som ekstra alvorleg om ulovlege ytringar, som til dømes truslar, blir spreidde på nettet og dermed når eit større publikum. Politiet har oppretta ein eigen nettpatrulje som skal forhindre lovbrot på internett. Straffereaksjonar mot ulovlege ytringar kan først brukast etter at ytringane er sett fram.

Tenk over

Skal vi avgrense ytringsfridomen for å redusere skadeverknadene av hatefulle ytringar?

Kvar meiner du grensa går mellom fornærmingar og hatefulle ytringar?

Kjelde

Straffeloven. 2005. Lov om straff (LOV-2005-05-20-28). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2020