Retorisk medborgarskap og ytringskultur - Retorisk medborgarskap - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Retorisk medborgarskap og ytringskultur

Fagartikkel

Retorisk medborgarskap

Som statsborgar har du rettar og pliktar som er lovfesta. Som medborgar har du ansvar for å delta i og påverke samfunnet. Retorisk medborgarskap handlar om moglegheita du har til å la stemma di bli høyrd.

Statsborgar og medborgar

Som borgar av staten Noreg har du mange lovfesta rettar og pliktar. Du har til dømes plikt til å betale skatt og til å gå ti år i grunnskulen. Du har rett til å stemme ved stortingsval og til å ta vidaregåande utdanning. Statsborgarskap er altså knytt til formelle sider ved det å vere borgar i ein stat.

Medborgarskap er viljen, evna og moglegheitene vi som borgarar har til å delta i og påverke samfunnet vi er ein del av.

Dersom du deltek i ein strandryddingsaksjon, viser du i handling at naturen er noko vi alle har ansvar for å ta vare på. Alternativt kan du skrive eit lesarinnlegg til lokalavisa om kor viktig det er å ikkje dumpe plast i havet. Du kan òg ta ei høgare utdanning i biovitskap og forske på effekten av ulike klimatiltak. I alle desse tilfella utøver du aktivt medborgarskap.

Medborgarskap føreset at alle individ og grupper blir inkluderte i fellesskapet, blir sett på som likeverdige og har like moglegheiter for å delta i alle sider av samfunnslivet. Dette gjeld ikkje alle.

Kanskje kvir du deg for å skrive lesarinnlegg i avisa fordi du synest du ikkje skriv godt nok? Kanskje deltek du ikkje i strandrydding fordi dei andre som deltek, er ein samansveisa gjeng som du ikkje er ein del av? Kanskje får du ikkje forskingsstipend og blir gåande arbeidsledig?

Motsetninga til medborgarskap er utanforskap. Utanforskap er å ikkje vere ein del av, kjenne tilknyting til eller å ha moglegheit til å påverke samfunnet du lever i.

Retoriske medborgarskap

Omgrepet retorisk medborgarskap blir brukt om evna, kompetansen og moglegheita du som borgar har til å ytre deg i den offentlege samtalen og i kommunikasjon med offentlege etatar.

Som elev kan du til dømes delta i debatten om karakterfri skule eller korleis inntaksreglane til vidaregåande skule skal vere. Du kan òg engasjere deg i saker som gjeld til dømes distriktspolitikk, fordelingspolitikk eller innvandring. Desse sakene handlar jo om samfunnsforholda du skal leve under resten av livet ditt.

Men korleis kan du sikre deg at stemma di blir høyrd i den offentlege debatten? Svaret er tredelt:

  • Du må skaffe deg solid kunnskap om det du uttalar deg om (fagkompetanse).

  • Du må vite korleis du framfører bodskapen din på ein måte som gjer at andre lèt seg overtyde (retorisk kompetanse).

  • Du må velje ei plattform som gjer at bodskapen din når fram til dei du ønskjer å nå (medie- og kommunikasjonskompetanse).

Klart språk motverkar utanforskap

Retorisk medborgarskap handlar òg om å forstå offentleg informasjon og kunne føre ein dialog med offentlege organ om saker som gjeld deg. For offentlege styresmakter er det derfor viktig å leggje vekt på å bruke eit klart og enkelt språk som gjer informasjon og kommunikasjon tilgjengeleg for alle borgarar i Noreg.

Media som arena for retorisk medborgarskap

Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Retorisk medborgarskap i redaksjonelle medium

I redaksjonelle medium blir retorisk medborgarskap vareteke ved

  • at avisene gir plass til kommentarar og debatt- og lesarinnlegg

  • kommentarfelt i nettaviser

  • debattprogram i radio og TV kvar veke

Retorisk medborgarskap i sosiale medium

I dei siste åra har sosiale medium vorte ein viktig arena for meiningsutveksling. I sosiale medium blir retorisk medborgarskap vareteke ved at

  • du kan poste innlegg der du ytrar deg fritt og usensurert

  • du kan bidra til spreie andre sine ytringar ved å like og dele innlegg

  • du kan markere misnøye med innlegg du er ueinig i

Sidan (stort sett) kven som helst slepper til med ytringane sine i sosiale medium som Twitter og Facebook, har desse media eit enormt potensial som arena for reelt medborgarskap. Men dersom andre ikkje liker og deler innlegget ditt, sørgjer algoritmane for at ytringane dine blir nærast usynlege. For å få mange "likes" og kommentarar må du derfor leve opp til haldningar og meiningar som mange andre har.

Vulgær og skremmande retorikk

Moglegheita til å ytre seg heilt fritt i sosiale medium har ført til at retorikken i den offentlege samtalen har utvikla seg i ei retning som mange opplever som vulgær og skremmande. Denne forma for retorikk har i det siste òg smitta over på tonen i kommentarfeltet til avisene, i nokre tilfelle òg på retorikk i formelle politiske forsamlingar.

Resultatet av vulgær og skremmande retorikk kan bli at politikarar og vanlege borgarar lèt vere å ytre seg i redsel for å bli utsett for ein hær av såkalla nett-troll. Kvinner, ungdom og innvandrarar er spesielt utsette for denne forma for knebling.

Her er eit døme frå Kristiansand 2021:

NRK: Politiet vurderer tiltak: – Politikere er rådet til å ikke gå alene på kvelden

Viktige omgrep


Kjelder

FN-sambandet (2020, 31. januar). Demokrati og medborgerskap. https://www.fn.no/tema/menneskerettigheter/demokrati-og-medborgerskap

Raja, A. (2021, 4. mai). Mediepolitisk redegjørelse 2021. Regjeringa.no. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/mediepolitisk-redegjorelse-2021/id2847131/

Rudberg, K. (2018, 28. november). Sosiale medier speiler og forsterker eksisterende sosiale hierarkier. Universitetet i Agder. https://www.uia.no/om-uia/fakultet/fakultet-for-humaniora-og-pedagogikk/aktiviteter/sosiale-medier-speiler-og-forsterker-eksisterende-sosiale-hierarkier

Seljeseth, I. (2020): Klart språk og retorisk medborgerskap. [Doktorgradsavhandling, Universitetet i Oslo]. https://www.hf.uio.no/iln/forskning/aktuelt/arrangementer/disputaser/2021/avhandling_seljeseth1.PDF

Thorsen, E.D. (2020, 18. juli). Medborgerskap. I Store norske leksikon. https://snl.no/medborgerskap

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2021