Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Øvingar i bruk av lyd på film

Vel ein filmscene utan lyd og øv deg på å lydlegge filmen.

1. Ulike lydtypar

Les artikkelen "Lyd i filmproduksjon" og sjå videoane om korleis ein jobbar med dialog, kontentum, musikk og effektlyd i film.

2. Øving i dialog

Lag ein dialog mellom to personar som diskuterer ein matrett. Relasjonen mellom dei to personane skal komme fram i kroppshaldning og tonefall.

  • Skriv ein kort dialogscene.

  • Film dialogen med ein mobiltelefon.

  • Klipp saman ei skisse av dialogscenen.

  • Vis arbeidet til medelevar og diskuter skissene med utgangspunkt i følgande sitat frå fagartikkelen:

    "Kvifor er karakterane der dei er, kva gjer dei, og kvifor snakkar dei saman? Kva relasjon har dei, og kva kjensler har dei for kvarandre? Dialogen må oppfattast som naturleg. Hugs å bruke eit presist, munnleg språk, og kutt ut alle unødvendige ord i arbeid med manuset."

3. Velg filmscene og legg på lyd

Du skal skape ei filmoppleving gjennom eit lydarbeid. Bruk kontentum, musikk og lydeffektar for å skape truverd, skape kjensler hos publikum og gi filmscenen rytme.

Nedanfor ligg det tre filmscenar utan lyd. Sjå gjennom scenane og last ned den du vil jobbe vidare med. Klikk på "Sitere eller gjenbruke" nederst på sida, klikk på 'Film'. Last ned.

Filmscene 1 (1:02)

Film: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Filmscene 2 (0:35)

Film: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Filmscene 3 (0:45)

Film: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Gjer lydopptak og finn lyd

Lydspora er ein viktig del av den dramaturgiske opplevinga av filmscenen. Kva kjensler skal du vekke hos sjåarane dine, er det skrekk, idyll eller kanskje sorg?

  • Planlegg kva stemning du vil ha for scenen, og korleis han skal drivast framover.

  • Gjer eigne lydopptak for kontentum og effektar.

  • Du kan òg finne lydeffektar på nettet.

  • Bruk musikk som passar.

  • Vis arbeidet til medelevar. Diskuter bruk av kontentum, musikk og lydeffektar og kva desse har å seie for filmopplevinga.

Relatert innhald

Lyd i filmproduksjon

Lyden speler ei avgjerande rolle for filmopplevinga. Her er tips til korleis du planlegg og tek opp dialog, miljølyd, musikk og effektlyd (kontentum).

Skrive av Albertine Aaberge og Christina Svien.
Sist oppdatert 13.11.2026