Oppgåver til Waste Land - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppgåver til Waste Land

Sjå først dokumentarfilmen Waste Land (2010). Diskuter deretter desse oppgåvene saman i klassen eller med nokre klassekameratar.

Drøftingsoppgåver

  • Er prosjektet på nokon måte utnyttande for dei involverte?
  • Er det etisk forsvarleg at kunstnaren tek arbeidarane ut av dei vande omgivnadene sine og lèt dei smake på eit liv som dei færraste får oppleve?
  • Kor sannsynleg er det at "catadorane" vil dra tilbake til livet på søppelfyllinga etter filmpremierar, TV-framsyningar og kunstutstillingar rundt om i verda?
  • I 2012 la styresmaktene i Brasil ned søppelfyllinga ved Jardim Gramacho. Bruk internett som hjelpemiddel for å drøfte kva som kan ha skjedd med avfallssorterarane i ettertid.

Relatert innhald

Skrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.04.2018