Offentlegheit og den offentlege samtalen - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Offentlegheit og den offentlege samtalen

Ein open og opplyst offentleg samtale dannar grunnlaget for demokratiet vårt. Media har ei viktig rolle i ei velfungerande offentlegheit. Hatefulle ytringar og falske nyheiter er ei utfordring for offentlegheita.
Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Offentlegheit

kan beskrivast som felles møteplassar i samfunnet, til dømes debattar i sosiale medium og politiske møte. Offentlegheita handlar om dei delane av samfunnslivet som er tilgjengelege for alle, og der alle kan ytre seg.

Den offentlege samtalen

Alle skal ha moglegheit til å kunne delta aktivt i samtalar i det offentlege rommet gjennom debattar og meiningsutveksling. Ein open og opplyst dannar grunnlaget for vårt og kan rette opp forskjellar og gjere samfunnet betre.

Privat og offentleg debatt

Når du og ein ven diskuterer om de skal sjå den eine eller den andre tv-serien, er det ein privat debatt. Men dersom du til dømes legg ut ei Twitter-melding eller skriv ein debattartikkel i avisa om kvaliteten på moderne tv-seriar, har du flytta diskusjonen til offentlegheita. Innlegget ditt blir ein del av den offentlege samtalen.

Hugs at grensene sjeldan er så tydelege som i dette dømet. Det som i utgangspunktet er tenkt som ein tekst laga for ei lita gruppe, kan plutseleg bli lese av mange tusen menneske.

Rolla til media i offentlegheita

Media speler ei viktig rolle i ei velfungerande offentlegheit.

Samfunnsoppdraget

Redaktørstyrte medium har eit viktig og skal leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale.

For at demokratiet vårt skal fungere, er innbyggjarane avhengige av informasjon. Media skal vareta dette. Nyheitsmedia skal formidle informasjon som gjer at folk kan delta i den offentlege debatten og ta medvitne val.

Mediemangfald

Nyheitsmedia er ein arena for fri meiningsutveksling og offentleg debatt. Media skal leggje til rette for utveksling av informasjon og synspunkt frå alle delar av samfunnet – dette er ein føresetnad for at demokratiet skal fungere.

Ein open og opplyst offentleg samtale føreset eit mangfald av ulike medium, og det føreset kvalitet på det innhaldet media formidlar. Jo fleire ulike medium vi har, desto fleire ulike nyheiter og debattar får vi.

Det er brei politisk semje i Noreg om å sikre . Bakgrunnen for dette er at eit breitt medietilbod med mange ulike aviser, radiokanalar og tv-kanalar bidreg til å skape ei opplyst og kritisk befolkning.

Offentleg innsyn og offentleglova

I Noreg er prosessar som til dømes rettsforhandlingar og kommunestyremøte opne for offentlegheita. er ein del av rettstryggleiken vår. Tilgang til slik informasjon gir oss ei oversikt over kva politikarane og forvaltninga til kvar tid arbeider med.

Det er offentleglova som sikrar at alle har rett til innsyn i dokument frå stat og kommune. Føremålet med lova er å leggje til rette for ei open og gjennomsiktig offentleg verksemd. Dette skal styrkje tilliten til styresmaktene og bidra til at fleire deltek i den offentlege debatten.

Offentleg innsyn gir oss moglegheit til å korrigere systemet, og det kan forhindre maktmisbruk og urett. Prinsippet om offentlegheit er grunnlovfesta, og journalistar er dei viktigaste brukarane av retten til offentleg innsyn.

Finn ut

  • Korleis kan du bruke retten til offentleg innsyn?

Utfordringar i det offentlege rommet

er ei alvorleg utfordring for offentlegheita. Det medfører at enkelte synspunkt er underrepresenterte i det offentlege rommet. Også er eit problem for offentlegheita.

Netthets

kan få alvorlege konsekvensar for enkeltpersonar, grupper og heile samfunnet. Dersom du ytrar deg i offentlegheita, kan du risikere å bli utsett for hatefulle ytringar.

Netthets er ei stor utfordring for demokratiet vårt, og hatefulle ytringar kan skremme viktige stemmer til å teie. Konsekvensen kan bli at færre menneske torer å ytre seg i den offentlege debatten.

Falske nyheiter

Falske nyheiter handlar om informasjon som er framstilt som nyheiter, som er heilt eller delvis falsk, og som det ofte er ein medviten intensjon bak. Føremålet med falske nyheiter kan vere å påverke meiningane dine, å skape forvirring eller å tene pengar.

Falske nyheiter, og kan svekkje offentlegheita og føre til uro, og i samfunnet. Over tid kan falske nyheiter føre til ein redusert tillit til styresmaktene, media og det demokratiske styresettet vårt.

Tausheitsspiral

er eit omgrep som beskriv korleis synspunkt og vurderingar blir underkommuniserte i offentlegheita, sjølv om dei er relevante og viktige.

Nokre menneske synest det er vanskeleg å uttrykkje meiningar som strir mot . Dei fryktar å bli sette til side sosialt fordi ytringane deira avvik frå det fleirtalet meiner, og derfor blir synspunkta underkommuniserte i offentlegheita.

Dette fører til at nokre stemmer og synspunkt blir underrepresenterte eller forsvinn frå den offentlege debatten. Når viktige saker ikkje blir diskuterte i offentlegheita, har vi eit demokratisk problem.

Omgrep

Kjelder

Asbjørnsen, D., Beyer, A., Kjelling, K., Larsen, E. S. & Totland, G. (2018). Hallo. Medium og kommunikasjon 2. Aschehoug.

Schwebs, T., Ytre-Arne, B. & Østbye, H. (2020). Media i samfunnet. Det Norske Samlaget.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Jan-Arve Overland og Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2021