Norsk i Afghanistan - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Norsk i Afghanistan

I perioden 2001–2021 bidrog ca. 7 000 norske soldatar og offiserar i ISAF-styrkane i Afghanistan. Samtidig var mange nordmenn engasjerte i humanitære prosjekt. Det finst derfor tallause medieforteljingar om nordmenn i Afghanistan. Kva slags røyndomsforståing formidlar desse forteljingane?

Oppgåve 1) Nordmenn i hovudrolla

I norske medieforteljingar om hendingar i utlandet får nordmenn ofte ei sentral rolle. Kvifor er det slik, trur du?

Oppgåve 2) "Vi" og "dei andre"

Her er to døme på medieforteljingar om nordmenn i Afghanistan. Kva avslører desse forteljingane om biletet vi nordmenn har av oss sjølve og av afghanarar?

Artikkel, I tjeneste for Norge: 91 dager i Afghanistan

Podkast, NRK: Terje fløy fra Kabul med ukjent barn i armene

Oppgåve 3) Alternative forteljingar

Søk etter kritiske nyheitsforteljingar om nordmenn i Afghanistan. Finst det ei anna historieforteljing? Kva slags bilete av nordmenn pregar desse nyheitsforteljingane?

Oppgåve 4) Sjå klippet og diskuter forteljinga

I kortfilmen Å vende tilbake møter vi to gutar som ventar på at faren skal kome heim frå Afghanistan. Faren har delteke i dei norske styrkane. Oppdraget i Afghanistan er over, og han skal no vere heime for godt. Men kort tid etter at faren har kome tilbake, dreg han ut i skogen på jakt. Då han ikkje kjem heim neste dag, byrjar dei to brørne å ane uro.

Sjå klippet

Kortfilmen Å vende tilbake handlar om korleis soldatar og familiane deira blir ramma av krig, og korleis menn evnar å handtere mentale lidingar.

Diskuter

Korleis står denne forteljinga i kontrast til norske mediums nyheitsforteljingar om norske soldatar i Afghanistan?

Dersom du ønskjer det, kan du sjå heile filmen her:

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Å vende tilbake

Spelefilmen Å vende tilbake handlar om korleis deltakinga i krigen i Afghanistan har påverka den psykiske helsa til ein norsk offiser.

Skrive av Ragna Marie Tørdal og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022