Munnleg-praktisk oppgåve: Slik jobbar norske journalistar i dag

Oppdraget
Oppdraget er ei øving i å løyse ei praktisk-munnleg eksamensoppgåve. Jobb saman i grupper på fem elevar.
Målet med oppdraget er å
forstå kva konsekvensar medieutviklinga har for journalistrolla, og å få innsikt i korleis journalistar jobbar
få innsikt i etiske problemstillingar som journalistar i vår tid møter, og korleis dei handterer dette
vise at de kan planlegge og produsere ein podkast som kommuniserer med ei bestemd målgruppe
Fase 1: Hent inn tips frå ulike kjelder
De kan bruke både munnlege og skriftlege kjelder. Fordel arbeidet med å hente informasjon frå kjeldene mellom dykk i gruppa. Alle noterer viktige stikkord om korleis journalistar jobbar, og kva refleksjonar journalistar og medievitarar gjer seg om god journalistikk og presseetikk. Oppgi kjelder.
Fase 2: Reflekter og planlegg
Når de er ferdige med å studere kjeldene, presenterer de det de fann, for resten av gruppa. Reflekterer saman over den innsikta kjeldene har gitt dykk om journalistiske arbeidsmetodar og etiske utfordringar. Kva var mest interessant? Kva var viktigast?
Reflekter deretter over kvifor podkast er eit mykje brukte medieuttrykk i dag. Kva podkastar lyttar de til sjølva? Kvifor høyrer de på desse podkastane?
Diskuter kva form ein podkast bør ha for at folk på dykkar alder vil velje å lytte.
Fase 3: Lag ein podkast om journalistikk i vår tid
No skal de formidle det de har lært om korleis dagens norske journalistar jobbar, i ein eigen podkast. Podkasten skal vare i maks ti minutt. Målgruppa for denne podkasten er elevar i faget medie- og informasjonskunnskap 2 på skulen dykkar.
Ta utgangspunkt i notata og det de har lært om korleis ein podkast må lagast for å kommunisere godt med dei som høyrer på.
Fase 4: Medelevvurdering
Gruppene speler til slutt av podkastane for kvarandre og ber om tilbakemelding frå dei andre gruppene i klassen.
Medelevvurdering handlar om å gi tilbakemeldingar til andre elevar på ein måte som gjer at alle i klassen lærer av kvarandre.
Vurderingskriterium
Først må klassen bli einige om nokre vurderingskriterium. Kriteria angir kva som skal vurderast opp mot bestemde kompetansemål og læringsmål. I dette arbeidsoppdraget er det naturleg å ta utgangspunkt i kompetansemål i læreplanen for medie- og informasjonskunnskap 2 og læringsmåla som de vart kjende med før de gjekk i gang med oppdraget.
Her er døme på tre moglege vurderingskriterium som de kan legge til grunn, men formuler gjerne eigne kriterium.
Podkasten gir god/middels/låg innsikt i korleis norske journalistar jobbar i dag.
Podkasten gir lyttarane god/middels/låg forståing for dei presseetiske problemstillingane journalistar møter i dag.
Podkasten kommuniserer godt/middels/dårleg med mottakargruppa.
Lytt, noter og gi tilbakemeldingar
Mens de lyttar, tek de notat kvar for dykk. I kva grad oppfyller det de høyrer, kriteria som klassen har blitt einige om?
I dei munnlege tilbakemeldingane bør de trekke fram to sider ved podkastane i dei andre gruppene som de synest fungerer bra. Peik deretter på ein ting som de tenker kunne ha vore løyst på ein betre måte. Hugs å grunngi synspunkta dykkar!
Relatert innhald
Få gode tips til arbeidet med podkast-oppgåva i desse videoane om podkastar og om lydredigering i gratis-programmet Audacity.