Mediemakt og aksjonsdemokrati - Media som den fjerde statsmakt - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Mediemakt og aksjonsdemokrati

Fagartikkel

Media som den fjerde statsmakta

Media blir ofte beskrivne som ein vakthund som passar på at spelereglane i demokratiet blir følgde. Denne "vaktbikkjefunksjonen" gir media makt, og derfor blir media ofte omtalte som den fjerde statsmakta.

Maktfordelingsprinsippet

For å forstå kva vi meiner med "den fjerde statsmakta", må vi spørje: Kva er dei tre andre statsmaktene? Svaret er Stortinget, regjeringa og domstolane – eller den lovgivande makta, den utøvande makta og den dømmande makta.

Eit viktig demokratisk prinsipp er at makta skal fordelast mellom desse tre statsmaktene slik at vi følger maktfordelingsprinsippet. Formålet med maktfordelingsprinsippet er at ingen av statsmaktene skal dominere over nokre av dei andre, og at dei skal vere uavhengige av kvarandre.

Stortinget – den lovgivande makta

Stortinget er den øvste folkevalde forsamlinga i Noreg. Det er stortingspolitikarane som løyver pengar til offentlege oppgåver og vedtek kva lover som skal gjelde i landet. Det er derfor vi seier at Stortinget er den lovgivande makta.

Då det vart bestemt at vi skulle ha felles reglar om fråværsgrenser i vidaregåande skule, var det altså på Stortinget at lova vart vedteken. Der stemde dei ulike partia for eller imot den nye lova, og så vart det slik som fleirtalet bestemde.

Regjeringa – den utøvande makta

Regjeringa er danna av partiet eller partia som har flest stemmer i Stortinget. Ho består av ulike ministrar med ansvar for kvart sitt område, og statsministeren har det overordna ansvaret.

Regjeringa har ansvar for å setje i verk, altså utøve, det Stortinget bestemmer, derav uttrykket den utøvande makta. Men det er òg regjeringa som legg fram forslag om kva Stortinget skal stemme over, som lovforslag eller forslaget til neste års statsbudsjett. Det var til dømes kunnskapsministeren, på vegner av regjeringa, som la fram eit forslag om fråværsreglar i skulen for Stortinget, som fleirtalet i Stortinget til slutt stemde ja til.

Domstolane – den dømmande makta

Regjeringa foreslår lovene, Stortinget vedtek dei, og domstolane dømmer etter lovene. Lovene som stortingspolitikarane vedtek i stortingssalen, blir altså tekne i bruk i rettssalen.

Stortingsrepresentantane og ministrane i regjeringa er folkevalde, mens dei som arbeider i domstolane, er tilsette. For å bli tilsett her må ein vere utdanna innan juss. Det betyr at dei som er tilsette i domstolane, har studert kva lover og reglar vi har her i landet.

Domstolane skal, med lovverket som grunnlag, løyse konfliktar. Det skal dei gjere heilt uavhengig av kva politikarane meiner om kva dei kjem fram til, og dette sjølvstendet er det som gjer Noreg til ein rettsstat.

Pressa – den kritiske makta

Stortinget, regjeringa og domstolane utgjer den formelle delen av maktfordelingsprinsippet. Media blir ofte omtalte som den fjerde statsmakta og har ein vaktbikkjefunksjon fordi vi forventar at dei skal følge med på kva dei tre andre statsmaktene gjer.

Media består òg av menneske som er tilsette, og som er utdanna til å jobbe med kritisk journalistikk. Av og til gjer både politikarar og domstolar feil, anten fordi dei ikkje veit betre, eller fordi dei rett og slett ikkje har så gode intensjonar som vi alle skulle håpe. Då er det media som skal rette eit kritisk søkelys mot stortingspolitikarane, regjeringsmedlemmene og domstolane.

Media skal òg vere kritiske mot andre maktaktørar i samfunnet, som til dømes næringslivet, men òg mot seg sjølve. Det er ein del av samfunnsrolla til media å vere kritiske til alt og alle. Det er gjerne derfor journalistar og pressefolk ikkje alltid er så populære. Når media verkeleg gjer jobben sin, blir ikkje maktmenneske glade, sidan ingen liker å bli avslørte.

Tenk over

  • Korleis har nyheitsmedia vore vaktbikkje i samfunnet den siste tida?

  • Kva nyheitssaker har du lese den siste tida, som er kritiske til formelle maktpersonar?

Media og ytringsfridom

Maktfordelingsprinsippet vart formulert i opplysningstida, altså på 1700-talet. Tanken var å avgrense mogelegheita for korrupsjon mellom kongen og adelen i det franske samfunnet. Ytringsfridom vart sett på som ein grunnleggande fridom som var viktig for å forhindre slike feil.

I eit moderne demokrati er media med på å forvalte ytringsfridommen ved å vere ein arena der folk får komme til orde, og ved å vere ein aktør som avdekker kritikkverdige forhold. Prinsippa om samfunnsansvaret til media og etiske retningslinjer for eigen praksis er nedfelt i Ver Varsam-plakaten, som Norsk Presseforbund sjølv har vedteke. Dei utnemner òg medlemmene i Pressens faglige utvalg (PFU), som behandlar klagar på brot på Ver Varsam-plakaten.

Omgrep

Den fjerde statsmakta
Media blir kalla den fjerde statsmakta fordi dei følger med på kva dei tre formelle statsmaktene Stortinget, regjeringa og domstolane driv med. Media er slik ei vaktbikkje som òg kan kritisere andre maktpersonar og næringsliv, men òg seg sjølve.
Maktfordelingsprinsippet
Maktfordelingsprinsippet er eit politisk og juridisk prinsipp der statsstyret skal fordelast på tre uavhengige institusjonar: ei utøvande makt (til dømes kongemakt eller president og ofte ei regjering), ei lovgivande makt (nasjonalforsamling) og ei dømmande makt (domstolane).

Kjelde

Pressens faglige utvalg. (u.å.). Ver varsam-plakaten. Henta 20. september 2024 frå https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/vvpl-nynorsk/

Skrive av Grethe Melby.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2024