Medieforteljingar om kropp - Skriftleg oppgåve: Analyser ein dokumentar om kropp - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Medieforteljingar om kropp

Oppgåve

Skriftleg oppgåve: Analyser ein dokumentar om kropp

Gjer ein skriftleg analyse av Margreth Olins dokumentarfilm Kroppen min. Reflekter over korleis personlege medieforteljingar bidreg til respekt for og forståing av dine eigne og andre sine tankar og kjensler.

Målet med oppgåva er

  • å vise at du kjenner til og kan bruke mediefaglege omgrep

  • å kunne gjere greie for forteljeteknikk og verkemiddel i film

  • å kunne reflektere over samanhengen mellom form og innhald i ein dokumentarfilm

  • å kunne beskrive kva som kjenneteiknar ein personleg tekst

  • å kunne reflektere over korleis medieforteljingar kan skape respekt for at menneske er ulike

Oppgåve 1: Omgrep

Forklar og kom med døme på desse omgrepa:

  • dokumentar

  • forteljarposisjon

  • dramaturgi

  • filmatiske verkemiddel

  • tekstanalyse

  • diskursanalyse

Oppgåve 2: Filmanalyse

Lag ein skriftleg analyse av Margreth Olins personlege dokumentarfilm Kroppen min (2002), som du kan sjå nedanfor.

Relatert innhald

Fagstoff
Diskursanalyse: diskursiv praksis

Eit døme på korleis du undersøker diskursiv praksis, situasjonskonteksten og den tekstuelle konteksten, i ein diskursanalyse.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Medieforteljingar om kropp