Karakterutvikling i filmen Å vende tilbake - Beskriv karakteren Fredrik - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Karakterutvikling i filmen Å vende tilbake

Arbeidsoppdrag

Beskriv karakteren Fredrik

For å kunne svare på oppgåvene må du først ha sett heile filmen Å vende tilbake. Ta også gjerne ein ekstra titt på dette klippet frå slutten av filmen.

Beskriv karakteren Fredrik

I desse oppgåvene skal du beskrive korleis karakteren Fredrik utviklar seg gjennom filmen, frå første scene der brørne leikeslåst i sofaen, til scena der han målar seg i ansiktet.

  1. Kva slags inntrykk får du av Fredrik i opningsscena?

  2. Kva forhold har Fredrik til dei to foreldra, og til storebroren?

  3. Korleis utviklar Fredrik seg gjennom filmen?

  4. Kvifor målar Fredrik seg grøn i ansiktet?

  5. Kva trur du vil skje med Fredrik vidare?

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Å vende tilbake

Spelefilmen Å vende tilbake handlar om korleis deltakinga i krigen i Afghanistan har påverka den psykiske helsa til ein norsk offiser.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020