Gult kort til TV 2 - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Litterære tekster

Gult kort til TV 2

Sportsjournalistikkskikk. Ordet er vanskeleg å uttale, men lett å praktisere: I sportsredaksjonen er alt lov.

TV 2 braut god presseskikk då dei lét fotballkommentator Øyvind Alsaker lage reklame for Norsk Tipping (YouTube).

Det slo Pressas Faglege Utval (PFU) nokså ettertrykkeleg fast på eit møte i oktober. Men innslaget der Alsaker snakkar direkte til eit chipsvrak av ein fotballsjåar, på vegner av lottomillionær-kona hans, var visst innanfor god sportsjournalistikkskikk. Ordet er vanskeleg å uttale, men lett å praktisere: I sportsredaksjonen er alt lov. I alle fall hos TV 2.

Den statlege kringkastingsforskrifta som TV 2 er underlagd, inneheld eit klart forbod mot å sende reklameinnslag med medarbeidarar «som regelmessig står fram i eit fjernsynsselskapet sine nyheitsprogram, aktualitetsprogram eller vêrmeldingar». I eit forsøk på å forsvare at dei likevel lånte ut ein av dei mest profilerte journalistane sine til reklameavdelinga, hevda TV 2 i tilsvaret dei gav til PFU at denne vedtekta ikkje gjeld for dei som kommenterer fotball. Det er berre sport, liksom.

Ein dristig påstand så kort tid etter OL-debatten, der vi nok ein gong blei minte om kor tett samanvove sport, pengar og politikk er. Men sportssjefen i TV 2, Vegard Jansen Hagen, lèt seg ikkje dupere av det han kallar «presseetiske puritanarar». Han siktar truleg til den ortodokse trusretninga som forkynnar at journalistar bør vere så uavhengige av kjeldene som råd er.

Jansen Hagen brukte uttrykket om puritanarane då VG i sommar konfronterte han med at TV 2 sin fotballekspert Jahn Ivar «Mini» Jacobsen også er tilsett i Rosenborg som speaker og intervjuar på kampane. Dessutan eigde Mini i alle fall så seint som sist vinter eit firma saman med Rosenborg-trenaren Kåre Ingebrigtsen.

I eit innslag på TV 2 før sesongen tok til i år, uttalte ekspert Mini Jacobsen seg klart og tydeleg om kva for spelestil dåverande trenar i Rosenborg, Per Joar Hansen, burde velje. I løpet av sesongen var Mini speaker på Rosenborg sine heimekampar, samtidig som han seinare på kvelden kommenterte og analyserte dei same kampane for TV 2. Og som vi hugsar, gjekk det ille for Per Joar Hansen. Han gjekk, og Mini sin ven og partnar, Kåre Ingebrigtsen, kom. Hadde Tordenskjolds soldatar stilt lag, ville Mini vore kaptein. Og manager.

Men TV 2 er ikkje åleine om ha særs låge skilje mellom journalistar og kjelder. Då NRK-kommentatoren gjennom ein halv mannsalder, Kjell Kristian Rike, døydde i 2008, sa sportssjef Åge Skinstad i Skiforbundet at «norsk langrennssport har mistet en av sine viktigste støttespillere». Ikkje ein uavhengig journalist med den naudsynte kritiske distanse, men ein støttespelar.

Korleis støttespelet hadde arta seg i praksis, blei avslørt i Aftenposten: «Over en flaske rødvin en sen vinterkveld på Vierbrunnenhof i Anterselva klekket Rike, sponsorsjef Jacob Lund og skiskytterpresident Anders Besseberg ut ideen om skiskytingens fellesstart.»

Sportsjournalistikken lever under litt andre reglar enn finansjournalistikken. Det er lov å vere entusiastisk på vegner av heimelaget når Molde er slått 2–0, men det ville bli sett på som uortodokst om Dagens Næringslivs sin utsende reiste seg og jubla når Statoil legg fram eit spesielt godt kvartalsresultat, eller var med på å leggje strategien for tjæresandinvesteringane i Canada. Men strekk den etiske elastisiteten seg så langt at kommentatorar også kan vere tilsette hos dei dei kommenterer, eller reklamere for fotballen sin største sponsor?

Presseforbundet, som skal vakte etikken på vegner av alle norske medium, seier nei og nei. I sommar sa generalsekretæren i forbundet, Kjersti Løken Stavrum, til VG at bindingane hindra Mini i å vere ein fri og uavhengig ekspert. Og i oktober felte altså PFU TV 2 for å ha krenkje integriteten og truverdet til journalistikken, for å ha blanda rollene og for å ha vore med på å svekkje det klare skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. «De låner ut en reporter og en del av troverdigheten», sa leiaren av utvalet, Alf Bjarne Johnsen, til Kampanje.

Sportssjefen i TV 2 treng vel ikkje spørje nokon av stasjonen sine ekspertar kva det inneber at puritanarane no har gitt han to gule kort?

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Skrive av Sven Egil Omdal.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017