Fortel att ei krigshistorie
Vi gjer merksam på at videoen nedanfor inneheld sterke bilete av krigslidingar.
Utgangspunktet for oppdraget er fire tekstar der menneske som har opplevd krig, fortel sterke historier (sjå under). Du skal velje éin eller fleire av desse og fortelje dei att på ein ny og innovativ måte. Bruk dramaturgi og verkemiddel som er tilpassa medieformatet og sjangeren du vel.
Du kan velje å lage
ein fotomontasje med samspel mellom stillbilete og lyd (til dømes monolog, reallyd, effektlyd og musikk)
ein videoappell som kan publiserast i sosiale medium
ei digital "skrollhistorie"
Samarbeid gjerne i små grupper. Du kan òg løyse oppgåva åleine.
1. Dikt
I dette diktet skildrar lyrikaren Gunvor Hofmo (1921–1995) den store tomheita og det kraftige skriket som fylte menneska etter den andre verdskrigen (1939–1945).
2. Novelle
Bakir Ahmethodzic var 12 år då han i 1993 kom til Noreg som bosnisk flyktning frå borgarkrigen i det tidlegare Jugoslavia (1991–1999). Granatregnet som blir skildra i novella "Blodspor", var eit av dei første bombeangrepa han opplevde under krigen. Då var han elleve år gammal og var ute og leikte med vennene sine frå nabolaget. Novella vart gitt ut i 1999.
3. Stillbilete
Den brasilianske krigsfotografen Gabriel Chaim deler pressefotografi frå krigar i Midtausten på LatAm Arte.
4. Podkast
I podkasten nedanfor møter du ein tidlegare norsk soldat som tenestegjorde i krigen i Afghanistan (2001–2021).