Forteljinga

Kva er ei forteljing?
Medietekstar kan vere skildrande, argumenterande eller forteljande. Narratologi er læra om forteljingar. Mange medieforteljingar er oppdikta, men ei forteljing kan også handle om noko som faktisk skjer eller har skjedd.
Jostein Gripsrud definerer omgrepet forteljing slik:
En fortelling er en framstilling av et menneskelig (eller menneskelignende) subjekt som har et prosjekt (vilje, ønske, begjær) og som gjennomlever en kjede av kausalt sammenhengende begivenheter. (Gripsrud, 2002, s. 193)
Ordet kausal betyr at det finst ein årsak–verknad-samanheng i det som skjer. Når den unge mannen i TV-serien løfter pistolen, er det ikkje utan grunn. Som sjåarar veit vi allereie at han er desperat fordi kjærasten sit fanga i den mørke og fuktige kjellaren.
Forteljaren
Det vi gjer når vi fortel ei historie, blir kalla narrasjon. Forteljaren er viktig for korleis vi oppfattar ei historie. Han eller ho organiserer stoffet og lèt oss sjå det som hender, frå bestemde synsvinklar.
Forteljaren kan vere usynleg, eller til stades som ei tydeleg røyst i forteljinga. I fiktive tekstar skil vi gjerne mellom forfattar og forteljar, sidan forteljaren også kan vere ein fiktiv person. I nyheitstekstar kan forteljaren vere ei kjelde eller journalisten sjølv.
Historie og forteljingsstruktur
Litteraturteoretikaren Genette bruker omgrepet historie eller story om innhaldet i forteljinga. Omgrepet narrativ diskurs bruker han om måten ei forteljing blir fortald på. Ein annen teoretikar, Bordwell, kallar innhaldet for fabel, og måten fabelen er ordna på i tid og rom, for sujett.
Handlingsgangen i historia, eller måten hendingane utviklar seg på, blir kalla plot. Alle gode historier inneheld ein konflikt. Konfliktane driv forteljinga framover mot ei endeleg løysing. Ein dramaturgisk modell viser korleis konfliktane i ei forteljing utviklar seg.
Dei fleste forteljingar har ei byrjing, ein hovuddel og ein slutt. Nokre forteljingar er kronlogiske. Då blir alt fortalt i den rekkjefølgja det skjer. Men forteljinga kan også flytte seg att og fram i tid.
Aktantmodellen til Greimas
Aktantmodellen til Greimas tek for seg den grunnleggjande strukturen i forteljinga. Ein aktant er ein person eller figur i ei forteljing. Subjektet (til dømes hovudpersonen) ønskjer å oppnå noko (objektet). Men på vegen møter subjektet motstand. Då oppstår det ein konflikt. Motstandarane freistar å hindre subjektet i å nå målet, men subjektet møter også gode hjelparar.

Eventyret "De tre mostrene" er eit godt døme på ei forteljing der det er lett å beskrive både subjekt, objekt, motstandarar og hjelparar. Sjå filmen og gjer greie for rollene til dei ulike aktantane.
Sentrale fagomgrep
- aktant
- ein person eller figur som opptrer i ei forteljing. Greimas’ aktantmodell delar aktantene inn i desse gruppene: subjektet (til dømes hovudpersonen), objektet (det subjektet ønskjer å oppnå), motstandarane (dei som hindrar subjektet i å nå målet) og hjelparane (dei som hjelper subjektet med å nå målet).
- forteljar
- organiserer forteljinga og lèt oss sjå det som hender, frå bestemde synsvinklar. Forteljaren kan vere usynleg, eller til stades som ei tydeleg røyst i forteljinga. I analysar av forteljingar skil vi gjerne mellom forfattar og forteljar.
- forteljing
- noko ein fortel om noko som faktisk har hendt, eller noko ein forfattar sjølv har funne på (fiktiv forteljing). Forteljingar har eit innhald (historie, story) og ei strukturell utforming (forteljarstruktur, narrativ diskurs). Forteljingar har ulike former. Nyheitsreportasjar og dokumentarar er døme på faktabaserte forteljingar. Romanar, noveller og spelefilmar er døme på fiktive forteljingar.
- historie (story, fabel)
- innhaldet i ei forteljing, det forteljinga dreier seg om, blir kalla historie, story eller fabel.
- plott
- framstillinga av ei historie. Hendingane blir ikkje nødvendigvis presenterte i kronologisk rekkjefølgje. Plottet skaper og utviklar konflikten i forteljinga – kvar hending fører logisk til den neste og er med på å drive handlinga framover.