Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Følg ein debatt

A. Debatt i kommunen

Finn fram til eit tema som blir diskutert i kommunen din akkurat no, ei aktuell sak som mange har meiningar om. Følg denne saka og vis kor og korleis ho blir debattert. Lag ein presentasjon der du viser følgjande:

  • Litt om saka og bakgrunnen.
  • Utviklinga i saka: Kor ho blir diskutert og kva som kjem ut av diskusjonane.
  • Di vurdering av denne prosessen.

PS. Dersom du ikkje har høve til å bruke tid til å følgje ein slik prosess i nåtid, kan du ta for deg ei sak som er ferdig debattert og avgjort, der du nøstar tilbake i prosessen. Dette kan du gjere ved å bla i aviser (papiraviser og nettaviser) og snakke med folk som var involverte i saka.

B. Debatt på nett

Finn fire saker i to ulike nettaviser, der mange har kome med innlegg i kommentarfeltet. Studer kommentarane og gje ei vurdering av dei. Du kan mellom anna finne ut om dette:

  • Kven er deltakarane i kvar av diskusjonane? (Kjønn, alder, politisk eller anna gruppetilknyting.)
  • Kva kjenneteiknar kvar av diskusjonane? (Er innlegga saklege? Er det lange, forklarande innlegg eller korte setningar? Held ein seg til saka? osb.)
  • Korleis utviklar diskusjonane seg? (Sklir dei eventuelt ut på nokon måte? Korleis?)
  • Er det skilnader mellom innlegg frå anonyme og frå namngjevne personar? Kva går skilnadene eventuelt ut på?
  • Er det skilnader mellom ulike nettaviser på korleis debattane går føre seg?
  • Følgjer deltakarane dei reglane som er sett for debattane?
  • Har debattane moderatorar ?
  • Tykkjer du debattar i nettavisene bør ha moderatorar? (Grunngi svaret ditt.)

Relatert innhald

Ytringsansvar for dei stemmelause

Det finst menneske som ikkje kan ytre seg, eller sjeldan blir lytta til. Vi har alle eit moralsk ansvar for å vere stemma til dei stemmelause.

Skrive av Trude Løvskar. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen.
Sist oppdatert 05.03.2017