Etikk i fiktive medieforteljingar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Etikk i fiktive medieforteljingar

Er kunstnariske medieuttrykk heva over etikken? Dersom ikkje, kva for nokre etiske krav kan vi stille til form og innhald i fiktive medieforteljingar? Kan vi krevje at fiksjonar som handlar om faktiske handlingar, er pålitelege?

Kan det blir stilt etiske krav til kunst?

Er kunsten heva over etikken, eller kan vi stille same krav til ei fiktiv medieforteljing som til andre typar medieforteljingar?

Professor Anne Gjersvik bruker to av filmhistorias mest kjende filmar som døme. 1) Leni Rifenstahls nazistiske propagandafilm Triumph des Willens (1935) hylla ein ideologi som førte til verdskrig og utryddinga av seks millionar jødar. 2) I filmen Birth of a Nation (1915) framstiller D. W Griffith Ku Klux Klan som heltar. Den høgreekstremistiske organisasjonen Ku Klux Klan kjempar for kvitt overherredømme i USA og står bak drap på farga.

Dersom du ønskjer det, kan du sjå desse filmane på YouTube:

Begge filmane blir karakteriserte som filmhistoriske meisterverk ut frå ei rein filmfagleg vurdering. Men ut frå ei etisk vurdering er det mogleg å hevde at desse filmane er forkastelege, fordi dei hyllar ideologiar som har bidrege til menneskeforakt og rasistisk motiverte drap.

Nokon vil bruke omgrepet moralisme om denne måten å tenkje på. Moralisme betyr at omsynet til det som til kvar tid blir rekna for å vere god moral trumfar alle andre omsyn. Ut frå eit slikt perspektiv kan fiktive medieforteljingar delast i to kategoriar: gode og høgverdige forteljingar eller dårlege og spekulative forteljingar.

Det gode sin kamp mot det vonde

Eit moralskfilosofisk utgangspunkt for mange fiktive medieforteljingar er dei gode sin kamp mot dei vonde. Etikk som legg vekt på menneskets vilje og evne til å gjere gode handlingar, blir kalla dydsetikk.

I fiktive forteljingar blir gjerne helten, eller , framstilt som ein person som tek riktige moralske val, og slik kjempar mot den vonde . Forteljingane blir då førebilete for korleis vi sjølve kan utvikle oss til å bli gode menneske.

Synet i samfunnet på kva som er godt og vondt er stadig i endring. Sett frå notida kan dei fiktive heltane i fortida derfor verke både dumme og umoralske.

Teikneserieheltane i fortida

Teikneseriehelten Fantomet var eit førebilete for mange barn på 1900-talet. Som kvit mann herska han over "dei innfødde" og løyste mange av dei problema som oppstod, ved hjelp av vald.

Korleis ser vi på slike heltar i dag?

Etikk og valdsestetikk i fiksjonsfilm

Fiksjonsfilmen har ein sentral plass i populærkulturen og blir sett av menneske i alle samfunnsklassar. Mange opplever filmar som er spekka med valdsscener, som spennande og underhaldande.

er eit omgrep som blir brukt om det vi opplever når vi bruker sansane våre. I omtale av filmar er det vanleg å bruke omgrepet valdsestetikk når skildring av vald er eit viktig verkemiddel i filmen.

Når unge kvinner blir utsette for vald i fiksjonsfilmar, har skildringa ofte ein seksuell undertone. Eit døme er anslaget til filmen Sin City.

Sin City (2005) er ein valdeleg neo noir-film basert på novella "The customer is always right" av Frank Miller. Filmen er regissert av Robert Rodríguez og Frank Miller, med Quentin Tarantino som gjesteregissør.

Beskriv valdsestetikken i anslaget til filmen Sin City

  • Beskriv estetikken i denne filmscena.

  • Er handlinga i denne scena uetisk?

  • Er måten drap blir framstilt på i denne scena, uetisk?

Blir vi valdelege av å sjå vald på film?

Film har alltid vore rekna som ei spesielt "farleg" uttrykksform, sidan filmmediet gjengir røyndommen på ein naturtru måte. Mange er derfor opptekne av dei etiske sidene ved bruk av vald i fiksjonsfilmar. Men kan ein fiktiv forteljinga i seg sjølv vere uetisk?

Debatten handlar i stor grad om kva konsekvensar fiktive skildringar av vald kan få. Nokon hevdar at fiktive valdsfilmar gjer dei som ser på, valdelege. Andre hevdar, tvert imot, at vi får utløp for valdelege tendensar gjennom å sjå fiktiv vald, og derfor lèt vere å utøve vald sjølv.

Skaper eller speglar fiksjonen røyndommen?

Nokon hevdar at fiksjonsfilmar og seriar berre er spegelbilete av røyndommen. Derfor kan fiksjonen hjelpe oss til å få auga opp for dei verdiane som faktisk er rådande i samfunnet.

Andre hevdar at fiksjonsfilmar bidreg til å forme verdiar og røyndomsoppfatninga vår. Når vi fleire gonger ser på film korleis andre menneske lever liva sine, påverkar det haldningane våre.

Kan bruk av vald i fiksjonsfilm bidra til å alminneliggjere at vald er ei akseptabel løysing på ein konflikt?

Stereotypiar og stigmatisering i fiktive medieforteljingar

I Noreg har spennande romanar, teikneseriar, TV-seriar og spelefilmar om "den ville vesten" vore med på å forme biletet vårt av dei amerikanske urinnbyggjarane. Forteljingane speglar eit vestleg perspektiv på den kvite rasen si erobring av det amerikanske kontinentet.

Mannlege "indianarar" vart ofte framstilte som stoiske, fjørkledde høvdingar, einfaldige villmenn, eller som blodtørstige krigarar på jakt etter kvite skalpar. Kvinnelege "indianarar" vart framstilte som vakre, yndige og forførariske.

Korleis tenkjer du slike framstillingar har forma nordmenn sine oppfatningar om den amerikanske urbefolkninga?

Fiktive medieforteljingar bidreg til å skape stereotype førestillingar om menneske.

Det er lett å oppdage dette i ettertid, men det er vanskelegare å få auge på dei som pregar medieforteljingar om kjønn, etnisitet, religion og kultur i vår eiga tid.

Diskuter med ein medelev

Korleis blir kvinnelege rollefigurar framstilte i populære dataspel?

Skaper slike framstillingar stereotypiar? Er dei ?

Forholdet mellom fiksjon og røyndom

Fiktive medieforteljingar om verkelege liv og hendingar utfordrar oss til å reflektere over kva som er sant. Men er det grunnlag for å stille dei same krava om sanning til fiktive forteljingar som vi gjer til journalistiske forteljingar?

Nokon vil hevde at fiksjonsforteljingar fordreiar sanninga ved å dikte inn hendingar, tankar og kjensler som ikkje kan beleggjast av historiske kjelder.

Andre meiner at det må vere lov, så lenge forfattaren eller filmskaparen gjer det tydeleg at forteljinga er ein fiksjon. Som mottakar vil vi då automatisk forhalde oss til forteljinga på ein annan måte enn vi forheld oss til ein historisk dokumentar. Og kanskje er det slik at fiksjonar av og til kan bidra til å avdekkje ei djupare sanning om det å vere menneske, i møte med avgjerande augneblink i historia.

"Røyndomsfiksjon" som etisk problem

Ei anna etiske problemstilling oppstår når skaparen av den fiktive medieforteljinga utlevere personlege opplysningar om seg sjølv og andre. Forfattarar som Karl Ove Knausgård og Vigdis Hjort har vorte kritisert for å gjere dette i romanane sine.

Nokon hevdar at ei fiktiv forteljing representerer den subjektive sanninga til forteljaren, og at alle har rett til å fortelje si eiga historie. Dei som blir omtalte, kan på si side oppleve forteljinga som uetisk og krenkjande.

I journalistikken har den som er part i saka rett til å kome med eit motsvar. Denne retten gjeld ikkje omtale i fiktive medieforteljingar.

Kjelder

Gjelsvik, A. (2009). Etiske lesninger i fiksjonens frirom. Henta 24.11.21 frå https://www.researchgate.net/publication/327985729_Etiske_lesninger_i_fiksjonens_frirom

Gjelsvik, A. (2004). Fiksjonsvoldens etiske betydninger. En studie av forholdet mellom vold i fiksjonsfilm, følelser og vurdering. [Doktorgradsavhandling]. Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/243213/124084_FULLTEXT01.pdf?sequence=1

Lilleslåtten, M. (2021). Romaner om virkelige liv og hendelser utfordrer leserne om hva som er sant. Forskning.no. https://forskning.no/boker-etikk-kunst-og-litteratur/romaner-om-virkelige-liv-og-hendelser-utfordrer-leserne-om-hva-som-er-sant/1870502

Prøitz, L. (2003). Kjønn og voldsestetikk på film. Kilden. Kjønnsforskning.no. https://kjonnsforskning.no/nb/2003/10/kjonn-og-voldsestetikk-pa-film

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2021