Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet forsking på media
Gjennom forsking får vi ny kunnskap om verda vi lever i. Kva kan du om forholdet mellom teori og empiri og om ulike forskingsmetodar som blir brukte i forsking på media?
Desse sjekkpunkta gir deg ein peikepinn på korleis det står til med fagkunnskapen din:
Eg veit kva ein teori er, og kan samanlikne og drøfte mediefaglege teoriar.
Eg veit kva forsking er, og kan forklare samanhengen mellom teori og empiri.
Eg kjenner til og kan vurdere styrkar og svakheiter ved ulike forskingsmetodar.
Eg kan bruke statistiske data som utgangspunkt for analyse og tolking av mediefaglege fenomen.
Eg kan designe og gjennomføre eit elevforskingsprosjekt.
analyse av data
empiri
forskingsmetode
funksjonalisme
hypotese
konfliktteori
kvalitative data
kvantitative data
symbolsk interaksjonisme
teori
tolking av data
verifisere