Digitalt medborgarskap, personvern og etikk - Finn dei digitale spora dine - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Digitalt medborgarskap, personvern og etikk

Oppgåve

Finn dei digitale spora dine

I denne oppgåva skal du og ein medelev jobbe som detektivar og finne flest mogleg digitale spor etter dykk sjølve og kvarandre.

Oppgåve

  1. Lag ei liste over moglege digitale spor du sjølv kan ha lagt etter deg i løpet av gårsdagen, og forklar korleis desse spora har oppstått.

  2. Søk deretter etter digital informasjon som kan fortelje deg noko om kva medeleven din gjorde i går.

  3. Del informasjonen de har funne fram til. Kor mykje veit de om kvarandre ut frå søk i opne kjelder?

  4. Kva slags bilete kan ein utanforståande, med eksklusiv tilgang til digitale kjelder og nok ressursar, danne seg av ut frå dei digitale spora de har lagt igjen?

  5. Er det noko av denne informasjonen som kan misbrukast av andre, og i så fall på kva måte?

  6. Kva kan de eventuelt gjere for å slette digitale spor eller la vere å leggje igjen digitale spor?

Relatert innhald

Fagstoff
Korleis blir vi spora på nett?

Bevegelsane våre på nett blir spora. Føremålet er ofte å kunne skreddarsy reklame. Å unngå sporing er vanskeleg, men det går an å redusere sporinga.

Kjeldemateriale
Anonymitet i Google-tida

Er ein person anonymisert om det tek mindre enn 15 sekund å finne ut kven han er?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2021