Bruk av teoriar og metodar i masteroppgåver - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bruk av teoriar og metodar i masteroppgåver

Som masterstudent må du som oftast gjennomføre ein sjølvstendig forskingsprosess. Gjer greie for problemstillingar og teoretisk tilnærming i ei masteroppgåve, og vurder styrkar og svakheiter ved forskingsmetoden studenten har brukt.

I alle emna i faget medie- og informasjonskunnskap 2 finn du lenkesamlingar til aktuell forsking som tek opp problemstillingane emna handlar om. Noko av denne forskinga er utført av studentar.

Bacheloroppgåver og masteroppgåver er sjølvstendige arbeid som studentar gjennomfører med rettleiing av vitskapleg tilsette. I masteroppgåva tek gjerne studenten utgangspunkt i eigne empiriske undersøkingar og tolkar desse i lys av vitskaplege teoriar.

Her er fem døme på spennande forskingsprosjekt som er utførte av studentar på norske universitet og høgskular:

  1. Masteroppgåve av Pernille Rusten, Oslomet, 2020: Ungdoms opplevelse av kroppspress. En kvantitativ studie om sammenhengen mellom skjermtid, sosiale medier og kroppspress

  2. Masteroppgåve av Vegard Terøy, UiA, 2015: Klikk og journalistikk. En komparativ analyse av tekstlige virkemidler på norske delenettsteder og nettaviser

  3. Masteroppgåve av Sebastian Tjelle Jarmer, UiB, 2020: Mediatisering, mangfold og megling. Fremstillinger av islam i etablerte og alternative medier

  4. Masteroppgåve av Astrid Solum Ness, UiB, 2020: Trippeldrap som underholdning og forhandling. En kvalitativ studie av unge voksnes bruk av true crime gjennom Gåten Orderud

  5. Masteroppgåve av Fezan Majid, Oslomet, 2020: Konkurranse i det norske strømmemarkedet. Når ulike skattevilkår gir konkurransefortrinn til globale aktører i det norske strømmetjeneste markedet

Gjer greie for problemstilling, teori og forskingsmetode

Vel ei masteroppgåve du vil studere nøyare. Du treng ikkje lese heile oppgåva, men gjer deg godt kjend med innhaldslista. Ofte finn du ei oppsummering av dei viktigaste funna studenten har gjort, i starten eller på slutten av oppgåva.

  1. Kva problemstilling ønsker studenten å klargjere?

  2. Kva teoretikarar viser studenten til i oppgåva?

  3. Skisser i korte trekk kva dei ulike teoriane går ut på.

  4. Kva forskingsmetode/forskingsmetodar har studenten brukt i si eiga forsking?

  5. Kva styrkar og svakheiter har denne metoden?

  6. Har studenten støytt på nokon forskingsetiske dilemma?

  7. Kva ny kunnskap har studenten funne fram til gjennom forskingsprosessen?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022