Arn – Tempelridderen - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Arn – Tempelridderen

Arn – Tempelridderen er den første av dei to spelefilmane som vart laga om den svenske korsfararen Arn Magnusson. Filmen er basert på Jan Guillous suksessfulle bok-trilogi.

Om filmen

Arn –Tempelridderen (2007) er ein svensk spelefilm av regissør Peter Flinth, som handlar om Arn Magnusson. Filmen teiknar eit bilete av krigen som rasa mellom kristne og muslimar i Midtausten på 1100-talet. Han gir også eit tidsbilete av Sverige i tida før landet var samla til eitt rike. Filmen blir fortalt med utgangspunkt i kjærleikshistoria mellom Arn og Cecilia Algotsdotter.

Foreldra ønskte at Arn skulle bli oppdregen i kloster. I klosteret lærer Arn å lese, og han viser talent for pil og boge og for sverdkamp. Han får opplæring av broder Guilbert, som tidlegare var tempelriddar i 12 år. Då Arn er ferdig med utdanninga i klosteret, gir broder Guilbert han tempelriddar-sverdet sitt, og han får reise heim til familien sin.

Møtet med familien blir alt anna enn fredeleg. På denne tida er Sverige ikkje samla til eitt rike, og det går føre seg kampar mellom ulike familiar og grupperingar. Arn møter den vakre Cecilia, og dei to forelskar seg. Cecilia er lova bort til ein annan mann, og dette skaper fortviling og problem for Arn og Cecilia. Då det blir kjent at ho er med barn, og at Arn er faren, blir dei to lyste i bann. Dei blir dømde til 20 år med tukt og botsøving i kvart sitt kloster. Arn får gjort om straffa si, og i staden for å leve i kloster må han tene Gud som tempelriddar i Jerusalem.

Relatert innhald

Skrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.02.2020