Utforsk eigen mediebruk og eigne medievanar - Kva er digitalt forbruk? - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforsk eigen mediebruk og eigne medievanar

Fagartikkel

Kva er digitalt forbruk?

Kva for digitale salsobjekt bruker du, og korleis bruker du digitale salsobjekt og tenester? Digitalt forbruk handlar om å forstå korleis digitale salsobjekt og tenester påverkar handlingane og rutinane dine i kvardagen.

Forbruk

Forbruk handlar om korleis du får tak i varer og tenester, korleis du bruker dei, og kva som skjer med varene og tenestene du ikkje bruker meir.

Det handlar også om korleis du opptrer i ein marknad der produsentar og tilbydarar konkurrerer om å få deg til å velje deira varer og tenester.

Digitalisering av forbruk

Digitalisering har endra korleis varer og tenester blir produserte, transporterte, marknadsførte, selde og betalte i marknaden.

Digitalisering har også endra relasjonen mellom deg som forbrukar og dei som sel varer og tenester i marknaden.

Digitalisering har dessutan endra korleis varer og tenester blir tekne i bruk av deg som forbrukar, og korleis du kvittar deg med desse.

Mediebruken din plasserer deg i ein marknad

Digitale aktivitetar og mediebruk som tek deg til internett, plasserer deg i ein marknad og inneber digitalt forbruk. Det vil seie at kvar gong du bruker smarttelefonen din, er du i ein marknad:

  • Du møter reklame i chat-tenester, i sosiale mediestraumar eller på nettsider du besøkjer.
  • Du kan påverke andre til å handle gjennom forslag i sosiale medium eller brukaromtalar på nettsider.
  • Du kan også gjennomføre kjøp direkte frå telefonen din.

Du legg igjen digitale spor gjennom mediebruken din

All bruk av digitale medium som tek deg til internett, inneber at dei digitale spora dine kan samlast inn og lagrast av digitale marknadsaktørar. Dei personlege spora dine og data kan brukast som betalingsmiddel, til dømes ved at du tek i mot reklame i staden for å betale med pengar for ei teneste. Du må sjølv samtykke til at digitale marknadsaktørar kan samle inn og bruke persondataa dine.

Forbruk «av» det digitale

Du og familien driv på med forbruk «av» det digitale når de:

  • kjøper, bruker og kastar digitale produkt som til dømes pc-ar, spel og konsoll, smarttelefonar, rutarar, digital-TV, DAB+-radioar, smarte leiker, klokker, høgtalarar, støvsugarar, grasklipparar, innbrotsalarmar og anna
  • lastar ned/opprettar eller avinstallerer/seier opp program og abonnement for tilgang på tenester som er knytte direkte til det digitale produktet over

Forbruk «gjennom» det digitale

Du og familien driv med forbruk «gjennom» det digitale når de:

  • får tilgang til andre typar kommersielle tenester via dei digitale produkta og tenestene som er nemnd over. Dette kan vere nettbutikkar, nettbank, nettaviser og sosiale medium som Facebook, Instagram og Snapchat, eller underhaldningstenester som Spotify og Netflix. Det kan også omfatte bookingar eller bestillingar og pengebetalingar for billettar eller fysiske varer de vil ha tilsende eller som de får tilgang til, som hotellrom.

Kjelder

Slettemeås, Dag (2018). Forbrukernes digitale hverdag – utvidet versjon. Kunnskapsoppsummeringer forbrukerpolitikk 2018. Oslo: Forbruksforskningsinstituttet SIFO http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/SIFO/Publikasjoner-fra-SIFO/Forbrukernes-digitale-hverdag

Storm-Mathisen, A. (2016). Forbrukere og smarttelefon – nye muligheter og utfordringer, en kunnskapsgjennomgang. Oppdragsrapport nr. 15 – 2016. Oslo: SIFO. http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/SIFO/Publikasjoner-fra-SIFO/Forbrukere-og-smarttelefon



Skrive av Ardis Storm-Mathisen og Dag Slettemeås.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2019